Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Berit Brørby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Brørby

Fødd5. desember1950 (74 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Berit Brørby (fødd 5. desember 1950) er ein politikar forArbeidarpartiet, fødd i Oslo. Ho representerte Oppland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå1985 til 2009.

Brørby arbeidde som butikkekspeditør 1970-71. Sidan hadde ho ymse sekretær-stillingar i Norema A/S i perioden 1976-85. I 1985 vart ho innvald på Stortinget for Oppland. Ho vart gjenvald fem gongar og sat såleis på tinget i 24 år. I si fyrste stortingsperiode var ho medlem avEnergi- og industrikomiteen. Deretter var ho medlem avFinanskomiteen frå 1989 til mars 2000. Ho vart så leiar avKommunalkomiteen resten av stortingsperioden 1997-2001. Perioden 2001-05 var ho leiar av Fullmaktskomiteen og medlem i Valkomiteen. Frå 2001 til ho gjekk av Stortinget i 2009 var ho medlem av Kontroll- og konstistusjonskomiteen. Gjennom sine år på Stortinget hadde ho ymse ombod i i Odelstinget; sekretær 1985-93, Visepresident 2001-05 og President 2005-09.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Berit_Brørby&oldid=3215114»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp