I 243 fvt. underden tredje syriske krigen, sette Klaudios Ptolemaios i gang eit farleg tokt motselevkidane, som hadde myrda systera hans. Den nye kona hans, Berenike, sverja til gudinnaAfrodite om å ofre det lange, blonde håret hennar, som ho var særs stolt av, om ektemannen hennar kom trygt heim att. Han gjorde så, og ho klypte håret og plasserte det i tempelet til gudinna. Morgonen etter var håret borte. For å stille den rasande kongen annonserte hoffastronomen,Konon, at gudinna var så nøgd med offeret at ho hadde plassert det på himmelen. Han peikte så mot stjernene som sidan har hatt namnet Berenikes hår.[1]
Berenikes hår består av mange stjerner tett i tett, og har blitt anerkjent som ein særeigenasterisme sidanhellenistisk tid.[2]Eratosthenes kalla biltetet både «Ariadnes hår» og «Berenikes hår».Klaudios Ptolemaios kalla det «hårlokken», men tok det ikkje med i lista si på 48 stjernebilete, og rekna det som ein del av Løva,[2] ein del av dotten på enden av halen til løva.
Tycho Brahe førte opp biletet i stjernekatalogen sin frå 1602,[2] men det var opphavleg med på himmelgloben til kartografen Caspar Vopel frå 1536.[3][4][5]Gerardus Mercator har òg fått æra av å ta med stjernebiletet i 1551.[6] Berenikes hår og stjernebiletetAntinous, som ikkje lenger er i bruk, vert rekna som dei første stjernebileta etter Ptolemaios som er avbilda på ein himmelglobe.[7]
Berenikes hår sett med det nakne auga.NGC 4565 har blitt kalla Nålegalaksen, fordi han ser ut som ein tynn strek på himmelen.[8]
Sjølv om Berenikes hår ikkje er eit stort stjernebiletet, inneheld det åtteMessier-objekt. Stjernebiletet har mangegalaksar, og inneheld den nordlege delen avVirgo-hopen. Det finst òg fleirekulehopar. Ein kan sjå desse objekta med minimal formørking av støv, fordi stjernebiletet ikkje ligg i retninga til detgalaktiske planet (nordpolen til det galaktiske planet ligg i dette stjernebiletet). Men på grunn av dette er det fåopne hopar (utanom Berenikes hår-hopen, som dominerer den nordlege delen av stjernebiletet), diffusestjernetåker ellerplanettåker.
Berenikes hår er ikkje særleg lyssterk og har ingen stjerner som er lysare enn fjerde storleiksorden.Beta Comae Berenices er den mest lyssterkestjerna i stjernebiletet, med einstorleiksorden på 4,2, 30 lysår frå jorda. Som sola er ho ei gulfargahovudseriestjerne.[6] Ho er berre litt meir lyssterk enn sola, og gjev ein idé om korleis sola ser ut frå Beta Comae sin avstand.
Den nest mest lyssterke stjerna i Berenikes hår erα Comae Berenices, òg kallaDiadem. Namnet representerer edelsteinen i krona til Berenike.[9] Ho er eidobbeltstjerne, og dei to komponentane har nesten lik storleiksorden. For det nakne auga har dobbeltstjerna ein storleiksorden på 4,3.[6] Dei to komponentane har ein svak gulfarge, og har begge storleiksorden 5,1. Dei krinsar rundt kvarandre med ein periode på 26 år og ligg 47 lysår frå jorda.[6]
Det er to andre multiple stjerner i Berenikes hår.35 Comae Berenices er eidobbeltstjerne med ein optisk kompanjong. Dei to komponentane har ein periode på 360 år og ligg 324 lysår frå jorda. Hovudstjerna er ei gul stjerne med storleiksorden 5,1 og den andre kvit med storleiksorden 7,2. Den optiske tredje komponenten har storleiksorden 9.24 Comae Berenices er eidobbeltstjerne med kontrastfargar. Hovudstjerna er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 5,0, 610 lysår frå jorda, og sekundærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksorden 6,6.[6]
Over 200 variable stjerner er kjende i Berenikes hår, men mange av dei er uklåre.FK Comae Berenices, som varierer mellom 8,14m og 8,33m over ein periode på 2,4 dagar, er ein prototype forFK Com-klassen av variable stjerner. Ein trur at variabiliteten til FK Com-stjerner kjem av ein stor, kjølig flekk på den roterande flata til stjernene.FS Comae Berenices er eindelvis regulær variabel, eiraud kjempe med ein minste storleiksorden på 6,1 og ein største storleiksorden på 5,3. Perioden er kring 2 månader og han ligg 572 lysår frå jorda.[6]
Berenikes hår-hopen er ikkje oppført med Messier eller NGC-katalogen, men finst iMelotte-katalogen over opne hopar, der han vert kalla Melotte 111. Han er ein stor, diffus og open hop med kring 50 stjerner som varierer frå 5. til 10. storleiksorden, mellom anna fleire av stjernene som er ein del av stjernebiletet.12 Comae Berenices, med storleiksorden 4,8, er den mest lyssterke stjerna i hopen. Hopen er spreidd over eit stort område, meir enn 5 grader på tvers, nær Gamma Comae Berenices. Hopen verkar tilsynelatande svært stor fordi han ligg relativt nær, berre 288lysår unna.[6]
M53 (NGC 5024) er ein kulehop som vart oppdaga avJohann Elert Bode i 1775 og uavhengig avCharles Messier i februar 1777. Han har ein storleiksorden på 7,7 og ligg 56 000 lysår unna jorda. M53 er ein Shapley klasse V-hop, som indikerer at mellomliggande konsentrasjon mot sentrum av hopen. Berre 1° unna liggNGC 5053,[11] ein kulehop som er tynnare og mindre tett med stjerner. Den totale luminositeten er kring 16 000 soler, som er den lågast luminositeten til alle kjende kulehoper. Han vart oppdaga avWilliam Herschel i 1784. Storleiksordenen er 9,9 m.NGC 4147 er ein noko meir lyssvak (storleiksorden 10,2m) kulehop med ein mykje mindre tilsynelatande storleik.
Berenikes hår inneheld den nordlege delen avVirgo-hopen, som ligg kring 60 millionar lysår unna.
M100 (NGC 4321) er ein 8. storleiksordenspiralgalakse som høyrer til Virgo-hopen.[6] Med 7 bogeminuttar på tvers, er han den tilsynelatande største av alle galaksane i Virgo-hopen. Diameteren er 120 000 lysår, som gjer han til den største spiralgalaksen i Virgo-hopen.
M85 (NGC 4382) er einelliptisk galakse i Virgo-hopen. Han er ein av dei mest lyssterke medlemmane i hopen med storleiksorden 9. Kjernen er lys og ser ut som ei stjerne i små amatørteleskop.[6]
M98 (NGC 4192) er ein lys, langstrekt spiralgalakse som er sett nesten frå kanten. Han verkar elliptisk på grunn av den uvanlege vinkelen. Han er av 9. storleiksorden og er eit medlem av Virgo-hopen.
Comahopen er ein galaksehop nord for Virgo-hopen. Han ligg mykje lenger unna, kring 230 til 300 millionar lysår.[6] Hopen er ganske stor med kring 1000 store galaksar, og mogelegeins opp til 30 000 mindre galaksar. Ei undersøking avFritz Zwicky i 1957 identifiserte 29 951 galaksar i området som er meir lyssterke enn 19,0m. Somme kan vere fjerntliggande bakgrunnsobjekt, men det totale talet på galaksar i hopen er ganske stort.
På grunn av den store avstanden til hopen, er ikkje dei fleste galaksane berre synlege i store teleskop. Dei mest lyssterke erNGC 4889 ogNGC 4874, som begge er av 13. storleiksorden, medan dei fleste andre medlemmane er av 15. storleiksorden eller svakare. NGC 4889 er ein enormelliptisk galakse, som òg har det største kjendesvarte hòlet med ein masse på 21 milliardar solmassar.[12] Comahopen har relativt fåspiralgalaksar.NGC 4921 er den mest lyssterke av dei.[13]
M64 (NGC 4826) er kjend somBlått auga-galaksen på grunn av eit markant mørkt band med støv føre den lyse kjernen til galaksen. Det mørke feltet er berre synleg i store amatørteleksop, men sjølve galaksen er lett synleg i sjølv små amatørinstrument, og er av 9. storleiksorden.[6] Han ligg relativt nære, kring 17 million lysår frå jorda. Nyare studiar har avdekt at deninterstellare gassen i dei ytre regionane av galaksen roterer i motsett retning enn dei indre regionane, og leiande astronomar trur derfor at minst einsatellittgalakse harkollidert mindre enn 1 mrd. år sidan. Alle andre spor av den mindre galaksen er øydelagd. I grenseområdet mellom dei to rotasjonsretningane, er det mange nyestjernetåker og unge stjerner.[14]
NGC 4314 er einstavspiralgalakse som ligg kring 40 million lysår unna. Han er unik fordi regionen med intens stjernedanning dannar ein ring kring kjernen, som vart oppdaga avHubbleteleskopet. Den veldige stjernedanninga byrja for berre kring 5 millionar år sidan og innafor eit område med ein diameter på berre kring 1000 lysår. Oppbygginga av kjernen er vidare unik fordi den vesle ringen sjølv har spiralarmar som gjev gas til staven.[14]
NGC 4565 er ein kjend spiralgalakse. Han er av 10. storleiksorden og verkar å ligge over Virgo-hopen, men er berre kring 20 millionar lysår unna jorda. Galaksen er sett frå sida og har eit markant støvfelt og ein sentral utbuling.[6]
NGC 4676, stundom kalla «Musegalaksane» er eit parvekselverkande galaksar med ein avstand på 300 millionar lysår frå jorda. Dei opphavlege galaksane var beggespiralgalaksar og astronomar estimerer at dei låg nærast kvarandre kring 160 millionar år sidan. Denne passeringa førte til store område medstjernedanning i begge galaksane, i lag med «halar» av støv, stjerner og gass. Dei to galaksane er er venta å vekselverke kraftig minst ein gong til før dei slår seg saman til ein stor, trulegelliptisk galakse.[14]
Kvasar PG1247+26° er den mest lyssterke kvasaren som er synleg i Berenikes hår. I tillegg vartW Com opphavleg identifisert som ei variabel stjerne, og derfor gjeve ei variabel stjerne-nemning, men det vart seinare oppdaga at det var eitBL Lacertae-objekt. Han er normalt av storleiksorden kring 16,5 m, men er kjend å nå 12. storleiksorden.
↑Burnham, Robert Jr. (1978) [First published 1966].Burnham's Celestial Handbook: An Observer's Guide to the Universe Beyond the Solar System, v.2. General Publishing Company, Ltd., Toronto.ISBN0-486-23567-X.
↑14,014,114,2Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006).300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books.ISBN978-1-55407-175-3.
↑Jenniskens, Peter (September 2012). «Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered».Sky & Telescope: 24.