Bender ellerTighina (rumenskTighina,russisk Бендéры,Bendery,ukrainsk Бендéри,Bendery) er ein by iMoldova, styrt av dende facto sjølvstendige regionenTransnistria, sjølv om han ligg på høgre sida avDnestr (resten av Transistria ligg på venstresida av elva). I lag med landsbyenProteagailovca dannar byen ein bykommune som Moldova ikkje reknar som ein del av Transnistria. Bender ligg i eibuffersone oppretta etterTransnistriakrigen i 1992.
Dei første busetnadane i området, der elvaneDnestr ogBîc renn saman, oppstod på 100-talet. Gjennom tidene har området vore styrt avKiev-riket,fyrstedømet Moldavia,Genova,Det osmanske riket,Russland ogRomania.
Stefan cel Mare grunnla ei festning på staden på byrjinga av 1500-talet. I 1538 tokSuleiman I festninga, og gav ho det tyrkiske namnetBender.
Karl XII av Sverige søkte tilflukt rett utanfor byen etternederlaget ved Poltava, saman medkosakkane sin leiarIvan Stepanovitsj Mazepa. Sidan ein under einveldstida i Sverige definerte hovudstaden som det staden der kongen hadde hoffet og arkivet sitt, låg Sverige sin hovudstad i fleire år på sletta utanfor Bender. Tyrkarane nekta han å reise vidare, for å utnytte han i det politiske spelet iSentral-Europa. I 1713 vart det utkjempa eit mindre slag mellom Karl sine menn og tyrkarane, kjend somkalabaliken ved Bender.
Underden russisk-tyrkiske krigen 1806-1812 fall byen til russarane og vart verande på russiske hender fram tilSovjetunionen kollapsa. Mesteparten av kampane iTransnistriakrigen stod i og ved Tighina.
Formelt sett er Bender einstørre bykommune (municipiu) iMoldova som, tilliks medChișinău ogBălți, blir rekna å vere på samme nivå som dei 32distrikta som landet er delt inn i. Han blir ikkje rekna å vere ein del av Transnistria. I tillegg til sjølve byen omfattar Bender òg landkommunen (comuna)Proteagailovca.[3]
InnanforTransnistria blir byen rekna som ein integrert del av utbrytarstaten og har, på same måte somTiraspol, status sombykommune på nivå med dei femdistrikta. LandsbyenGîsca, som formelt høyrer tildistriktetCăușeni i Moldova, blir òg rekna inn i kommunen Bender.[4] Transnistria gjer òg krav påVarnița, som er ein forstad til Bender, men som er under kontroll av Moldova og blir administrert som einlandkommune idistriktetAnenii Noi.[5]
Resultat frå dei to siste folketeljingane. For 2015 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat.
| Folketal 2004[2] | Folketal 2015[1] |
---|
Bender (Бендéры) | 97 027 | – |
Proteagailovca (Протягайловка) | 4 841 | – |
Gîsca (Гыска) | 3 142 | – |
Bykommunen Bender | 105 010 | 91 197 |
---|