Beltetraktor er eintraktor som vert driven fram av stål- eller gummibelte. Heilt sidaBenjamin Holt laga den fyrste beltetraktoren med forbrenningsmotor i1904 har beltetraktorar spela ein relativt viktig rolle innanjordbruket. Inntil for nokre tiår sidan vart det stort sett nyttastålbelte, av same type som påbulldosarar, som opphavleg var beltetraktorar med frontskjer.
Motor og girkasse er ofte av same type som i hjultraktorar, men beltetraktorar er lågare gira. Beltetraktorar vert styrte med styrebremsar, av same type som på bulldosarar, menhydrostatisk drift har òg vore nytta. På grunn av vangane har dei høgare vekt enn hjultraktorar, men marktrykket er likevel mykje mindre, så dei vert ofte nytta på mark med dårleg bereevne.
Caterpillar produserte opphavleg beltetraktorar for jordbruksføremål og kjente traktorprodusentar somAllis Chalmers,Cleveland Tractor,International Harvester,John Deere ogMarchall produserte i fleire år beltetraktorar. Beltetraktorar var òg populære iItalia, derFiat ogLandini var av dei best kjende produsentane. ISovjetunionen var beltetraktorar svært utbreidd i landbruket. Челябинский тракторный завод, Tsjeljabinskij Traktornij Zavod (Traktorfabrikken iTsjeljabinsk) var, og er framleis, ein storprodusent av beltetraktorar. IEngland produserte Marchall beltetraktorar for jordbruket (Trac Marchall) fram til 1999[1].
I dei siste tiåra har traktorar med gummibelte vorte tekne i bruk innan jordbruket. Rundt1970 tok Traktorenwerk Schönebeck iDDR til å eksperimentera med gummibelte[2]. I perioden 1983 til 1985 vart det bygd nokre gummibeltetraktorar (Fortschritt ZT 300 GB), som vart testa med positivt resultat, men på grunn av problem med slitestyrken til gummibelta vart dei ikkje sett i produksjonen. I1987 tok Caterpillar til å produsera gummibeltetraktoren Challenger, som i2002 vart han seld tilAgco, som framleis lagar han. I1988 tokMarchall opp produksjon av gummibeltetraktorar, men salet gjekk tregt og det vart ikkje laga meir enn rundt 1000 av dei. John Deere har seinare teke opp produksjon av gummibeltetraktorar. Desse traktorane har alle nytta eit par belte og køyrt belta med forskjellig hastigheit for å styra traktorane, på same måte som beltetraktorar med stålbelte. Steiger, som no er eigd av Case-IH, utvikla ein rammestyrt traktor med gummibelte. Gummibelta er både dyrare i innkjøp og vedlikehald enn gummihjul, men er nyttige på jord med dårleg bereevne.
Den fyrste beltetraktoren vardampdrive og stammar frå1834, dåJohn Heatcoat bygde ein dampdriven beltetraktor som var tenkt nytta på blaut myr[3]. Belta på denne traktoren var laga av treplater som vart heldt saman av kraftigkanvas og maskina var utstyrt med vinsjar som drog plogar.
I1888 bygde russarenFriodur Abramovitch Blinov ein dampdriven beltetraktor, med ein sylinder over kvar beltevange[4].Glover and Chandler bygde òg ein dampdriven beltetraktor i 1888[5]. I 1900 bygdeLombard Traction Engine Company iPenobscot ein dampdriven beltetraktor, med kraftige belteplater aveik som vart helt saman avkjettingar[5][6].
I 1904 lagaHolt Tractor Company iCalifornia ein dampdriven beltetraktor. Belta var laga av stålplater som var hengsla saman og monterte påbeltevangar med nedre rullar. Konstruksjonen var svært lik moderne belte. Belta var relativt korte og rakk berre over halvparten av lengda på traktoren, som vart styrt med eit breitt midtmontert framhjul.
I 1905 bygdeHornsby ein beltetraktor med ein 20hkHornsby-Akroydråoljemotor[7]. Denne traktoren hadde stålbelte i full lengd og som var svært like moderne stålbelte. Med denne maskina hadde beltetraktoren i grove trekk funne si endelege utforming. Det var inga interesse for traktoren iStorbritannia, så i1913 selde dei rettane tilHolt Tractor Co. iCalifornia, som i1925 gjekk saman medC. L. Best Gas Traction tilCaterpillar.
Den fyrstetyske beltetraktoren vart laga avHanomag i 1921[8].