Belgfrukt ellerskolmfrukt kan visa til frukta til ulike erteblomplanter som dannar einskolm ellerbelg, eller til frøa av desse plantane som blir brukte til mat. Ein deler gjerne belgfrukter inn ierter,bønner,linser ogpeanøtter. Dei kan brukast som grønsaker, snacks, molne til mjøl og så bortetter.
Tørre belgfrukter inneheld ein stor delprotein (20–30 %) med ein stor del avaminosyralysin, som gjer at dei utfyller proteinet ikorn som inneheld mykjemetionin. Dette gjer dei til ein viktig del av kosten til mange menneske, særleg itropiske strøk og blantvegetarianarar og folk med kjøtfattig kosthald.Belgfrukter er også rike på mineral, som jern, ogB-vitamintypenfolat, og på løyselegfiber.Feittinnhaldet varierer frå nesten ikkje noko til 18 % isoyabønner og ca. 40 % i peanøtter.