Behaviorismen er ei retning innanpsykologien som voks fram ved byrjinga av1900-talet. Retninga byggjer på å forskavitskapleg pååtferd ved å observera henne heller enn å ty tilintrospeksjon. Retninga har hatt stor innverknad på behandlinga avpsykiske lidingar.
Ein av idéane bak behaviorismen er atfri vilje ikkje finst, men at all åtferd er bestemt av ein samverknad av påverknader frågener ogmiljø.
Behaviorismen fekk ry som ein vitskap gjennom forskinga tilB.F. Skinner medoperant betinging og dei klassiskehundeforsøka tilIvan Pavlov medklassisk betinging.
Sidan 1970-talet har interessa for den tradisjonelle behaviorismen gått ned til fordel forkognitiv psykologi.
Behaviorismen har sterkt fokus påklassisk betinging som læringsform, og miljøet vert dermed kjelda til danninga avpersonlegdomen gjennom måten det påverkar individet på. For behavioristane er det viktig at inga åtferd kan skje utan ein påverknad. Dette er grunnlaget for samanhengen mellomstimulus ogrespons, som kanskje er det behaviorismen er mest kjend for (Bø & Helle, 2002; Imsen, 1991).
Ei behavioristisk grunnhaldning vil ha fokus på formidling av informasjon (Ludvigsen, 2002). Kunnskapssynet er empirisk (Dysthe, 1999), noko som inneber at ein ser på kunnskap som erfaringar ein skaffar seg igjennom sansane (Magee, 1999). Fokus vert retta mot assosiasjonar mellom mentale prosessar og handlingar (Greeno m. fl., 1996). Undervisningssynet er dermedinstruksjonalistisk, noko som medfører at kunnskapar er noko som kan overførast – instruerast – frå ein aktør til ein annan.
Viktige omgrep i denne tradisjonen er: Stimulus-respons, små suksessar, fokus på resultat og positiv forsterking (Dysthe, 2001a; Wilson & Myers, 2000).
Watson,Skinner ogThorndike er døme på teoretikarar frå denne tradisjonen. I eit instruksjonalistisk læringsmiljø er det altså lagt til rette for at ein kompetent person, som oftast læraren, skal ha høve til å formidle sine erfaringar til mindre kompetente lærande.
- Svensk Wikipedia
- Engelsk Wikipedia
- Bø, I., & Helle, L. (2002). Pedagogisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget AS.
- Dysthe, O. (1999). Ulike teoriperspektiver på kunnskap og læring. Bedre skole.
- Dysthe, O. (2001a). Dialog, samspel og læring. Oslo.: Abstrakt forl.
- Greeno, J. G., Collins, A. M., & Resnick, L. B. (1996). Cognition and learning. In B. D. & C. R. (Eds.), Handbook of educational psychology (pp. 15-46). New York: Macmillan.
- Imsen, G. (1991). Elevens Verden (2. utgåve ed.). Oslo: TANO AS.
- Ludvigsen, S. (2002, 140302). Studentaktive arbeidsformer - Læring og IKT. Paper presented at the Kvalitetsreforma ved HVO, Høgskulen i Volda.
- Magee, B. (1999). Filosofi (J.-E. E. Hanssen, Trans.). Oslo: N.W. Damm & søn AS - Teknologisk forlag.
- Myhre, R. (1993). Grunnlinjer i pedagogikkens historie. Oslo: Ad Notam Gyldendal Norsk Forlag AS.
- Wilson, B. G., & Myers, K. M. (2000). Situated Cognition in Theoretical and Practical Context. In D. Jonassen & S. M. Land (Eds.), Theoretical Foundations of Learning Environments (pp. 57-88). Mahwah NJ: Lawrence Erlbaum Associates.