Bedfordshire er eitgrevskap iEngland og ein del av regionenAust-England. Grevskapet har kring 600 000 innbyggjarar.
Det grensar tilCambridgeshire i nordaust,Northamptonshire i nord,Buckinghamshire i vest ogHertfordshire i søraust.
Det høgaste punktet i grevskapet erDunstable Downs på 243 meter over havet iChilterns.
Det tradisjonelle kallenamnet på folket frå Bedfordshire er «Bedfordshire Bulldogs» eller «clangers». Det siste kjem frå ein lokal matrett som består av ein smultbolle fylt med kjøt eller syltetøy eller begge delar.
Namnet vart første gong nemnt i 1011 somBedanfordscir, som tyder grevskapet (shire) Bedford, som igjen kjem avBeda's ford (vadestad).
Bedfordshire var historisk delt inn i ni herrad (hundred):Barford,Biggleswade,Clifton,Flitt,Manshead,Redbournestoke,Stodden,Willey,Wixamtree, samt kommunen (borough)Bedford.