Bayreuth er ein by iTyskland idelstatenBayern med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elvaRaude Main iregionenOberfranken, der han er hovudstad.
Ein meiner at byen vart grunnlagd av grevane avAndechs og vart først nemnd i 1194. Om lag seksti år seinare kom byen underHohenzollern, og då denne staten vart delt høyrte Bayreuth til grevskapetKulmbach. Byen vart råka av fleire pestar og krigar, og i 1430 vart han øydelagd underhusittarkrigen. I 1602 vart han råka av nok einpest, ogbrannar øydela byen i 1605 og 1621.
Vendepunktet i historia til byen kom i 1603 då markgrevenChristian avKulmbach (Brandenburg-Kulmbach) valde å flytte til Bayreuth. Utvikla av den nye hovudstaden stagnerte undertrettiårskrigen, men då krigen var slutt vart det bygd mangebarokkbygningar. I 1701 vart byen St. Georgen grunnlagd og seinare ein del av Bayreuth i 1811.
Gullalderen til Bayreuth var under regjeringstida markgrevinnaWilhelmine, favorittsystera til KongFredrik II av Preussen. Fleire parkar og slott vart bygd, i tillegg til Markgrevane sin opera, som er eit av dei flottaste bevarte teatera i barokkstil i Europa.
I 1769 døydde den siste markgeven avfyrstedømet Bayreuth utan arving, og staten vart annektert av nabofyrstedømet Ansbach. Bayreuth var ikkje lenger statshovudstad. Like etter (1792) vart han ein del avPreussen, såFrankrike (1806) og til sluttBayern (1810).
I 1872 flytta komponistenRichard Wagner til Bayreuth, og det vart seinare halde ein wagnerfestival her,Festspela i Bayreuth. Festivalen vart mykje vitja avAdolf Hitler, som likte musikken til Wagner særs godt.
Underden andre verdskrigen låg det ein underavdeling avFlossenburg konsentrasjonsleir her.[1] Bayreuth vart kraftig råka under allierte bombetokt under krigen. Ein tredjedel av byen vart øydelagd og om lag tusen innbyggjarar døydde.
I 1975 vartUniversitetet i Bayreuth grunnlagd og medverka til vidare vekst for byen.
- ↑Christine O'Keefe.Concentration Camps.www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html