Baseball er einsport som særleg er populær iUSA og Aust-Asia, og som vert spela av to lag som skiftar på å vere i angrep og forsvar. Prinsippet i spelet er at slagmenn frå det angripande laget prøver å slå ein ball som er kasta frå «pitcheren» til forsvarslaget, og deretter springe innom tre basar før han når heimebasen att. Det er berre ved å springe ei komplett runde rundt basane poeng kan scorast. Dei totalt ni omgangane, der kvart av laga er éin gong kvar i angrep, vert kalla «innings» (omgangar). Det vert kravd tre «outs» for at laga skal bytte side. Ved uavgjort resultat etter ni innings held kampen fram ved å spele ekstra innings til eit av laga har scora poeng, og dermed vunne kampen.
Ein meiner at baseball stammar fråcricket eller liknande balltre- og ball-spel. Dei fyrste nedteikningane stammar frå1791 iPittsfield iMassachusetts iUSA, men profesjonell baseball slo fyrst gjennom i USA omkring 1865. I 1876 vartNational League grunnlagd, og i 1901 fylgde opprettinga avAmerican League. Desse to ligaene eksisterer framleis, og under eitt vert dei kalla forMajor League Baseball (MLB).
Baseball spelte ei sentral rolle i den amerikanskeborgarrettsrørsla i1947, dåJackie Robinson, som varafro-amerikanar, byrja å spele på laget Brooklyn Dodgers og dermed braut ned den såkalla «fargebarrieren». Før dette hadde Major League vore berre for kvite, medan dei mørkhuda hadde sin eigen liga,Negro League.
På grunn av lønsstridar var det i løpet av 1970- og 1980-talet enkelte mindrestreikar i dei profesjonelle rekkene, og det kulminerte i 1994 med avlysinga av den siste halvdelen av sesongen. Situasjonen vart fyrst løyst i byrjinga av 1995. Resultatet vart lågare tilskodartal på stadionane i ei årrekkje.
Utanfor USA
Frå 1877 fanst ein proff-serie med canadiske og USA-amerikanske lag, kallaInternational Association.[1]Cuba vart det neste landet som (formelt) fekk ein serie for baseball (1878). I denDominikanske republikken vart det første nasjonale meisterskapet halde i 1912.[2]
Banen tek utgangspunkt i ein 90 graders vinkel med eit gjerde (home run-gjerde i ein boge mellom aksane). Vidare er den delt inn i «infield» (the diamond), med springebane, «pitcher's mound», og dei fire basane, og «outfield».
«Heime-plata» ellerHome plate, er den kvite gummi-plata foran beina til slagmannen
Fyrste, andre og tredje base er solide lerretssekkar forma somkvadrat med sidelengda 38 cm. Home plate er laga av gummi og forma som ein femkant. Den er 43 cm brei.
Ballen er laga av hardtlêr med ein kjerne avkork ellergummi (ofte begge). Den veg 142 gram og har ein omkrins på om lag 23 cm.
Det kvite lêrskalet et sydd saman av to delar. Saumen har ein anna farge enn kvit (ofte raud), sidan ein erfaren spelar brukar rotasjonen til stinga som ein indikator for kva skru som vert kasta. Ved å plassere fingrane på ulike måtar langs eller på tvers av stinga kan ein pitchar variere rørsla til ballen gjennom lufta.
Balltreet er rundt og laga av solid tre (ask ellerplatanlønn). I amatørrekkjer er det òg tillate å bruke lettare og meir haldbare balltre avaluminium.
Skaftet er tynnare enn sjølve hovudet på balltreet. På det tjukkaste kan balltreet vere maks 7 cm i diameter. Den maksimalt tillatne lengda er 106,7 cm.
Ein baseballhanske sett framifrå og bakfrå (øvst kan ein sjå eit balltre i bakgrunnen)
Ein baseballhanske er laga av lêr eller ev. av eitsyntetisk materiale.
Baseballhanskar vert brukte av alle spelarane på det forsvarande laget (utelaget) som hjelp til å gripe ballen. Kastaren brukar hansken sin til å skjule måten han held på ballen på, så slagmannen ikkje kan sjå kva skru som blir bruka.
Dei ulike posisjonane på banen har ulike typar handskar. Fangaren sin hanske er t.d. stor og heilt rund, medan andre basemann har ein liten og lett hanske.
Fangaren har eit breitt utval av verneutstyr på, sidan han er særleg utsett for kast frå kastaren som ikkje hamnar der dei skal. Dessutan er han somme gonger utsett for valdsame samanstøyt med løparar som prøver å kome seg til home plate. Hjelm, visir, brystbeskyttar samt leggbeskyttarar er standard.
Slagmannen må òg ha hjelm på for å ikkje verte treft i hovudet av ballen.
IfølgjeESPN hadde serienMajor League Baseball ein «steroid tidsalder» frå seint i 1980-åra til seint i 2000-åra.[3] Fleiresteroid kom på forbudslista til baseball i både USA og Canada i 1991, men først frå 2003-sesongen blei det tatt dopingprøvar frå spelarar i Major League.[4]
Den pensjonerte baseballspelarenJosé Canseco gav ut ei bok der han påstod at steroidar var ein akseptert del av sporten, og han angav fleire av kollegaene sine. I 2002 vart det avslørt at firmaet BALCO hadde levert steroid til fleire profesjonelle spelarar. Dette har ført til skjerpa dopingreglar, men baseball haltar stadig langt etter andre sportsgreiner på dette punktet.
Kampane kan ende uavgjord.[5] Maksimalt tal på inningar er 12. Det finst unntak viss sluttspelet mellom dei to finalistane itoppserien ikkje er avgjord på sju kampar.