Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Barokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barokken var ei retning innan europeisk kunst som gjorde seg gjeldande på 1600- og 1700-talet. Kunstretninga verdsette drama og detaljar, ornamentering og stas, og som gjorde seg gjeldande innan dei fleste kunstformene, som musikk, arkitektur, forfattar-, målar- og bilethoggjarkunst. Barokken tok til rundt 1600 iRoma, og spreidde han seg til resten avEuropa med støtte fråden katolske kyrkja, som brukte stilen som eit ledd i sinmotreformasjon. Barokkunsten i ulike land fann ulike lokale uttrykksmåtar.

Ein seier gjerne at barokken var ein reaksjon mot dei strenge prinsippa om harmoni og nøysemd frårenessansen. Han valde vekk fleirtydigheit og det mystiske, og søkte mot kjenslene heller enn mot intellektet slikmanierismen hadde gjord. Kunsten frå denne tida er direkte, dramatisk og enkel.

Dramatisk barokkportrett måla avAdriaen van der Werff.

Uttrykket «barokk»

[endre |endre wikiteksten]

Det var først på 1800-talet at ordet «barokk» vart brukt som namn på stilen. Det er usikkert kva ordet opphavleg tydde. Ein nemner oftebarrocco, som tyder 'ujamnperle' eller 'falskedelstein' påportugisisk, men detitalienske ordetbaroco, brukt om ei veik slutning i logiskScholastica, er også mogleg.

Opphavleg brukte ein ordet nedsetjande om den overflødige detaljrikdommen i barokken, samanlikna med den strenge, klarerenessansen. Ordet tyda noko slikt som forvridd absurd eller grotesk. Men den tyske kunsthistorikarenHeinrich Wölfflin viste at det var ei kunstform, og ikkje mangel på kunst, og slik har uttrykket vorte brukt sidan.

Byggjekunst

[endre |endre wikiteksten]
Sjå ògBarokkarkitektur.
Zwinger i Dresden.

Både bygningar og møblar frå barokken var kolossale og prangande, laga for å imponera. Ein føretrekte ornament framfor rette linjer, brukte kuplar og søylegangar, og var opptekne av kontrastar mellom lys og skugge, masse og tomt rom. Skulpturar og bilete vart tekne i bruk som delar av bygga.

Byplanleggjing frå denne tida tok utgangspunkt i barokke parkar, med alléar som gjekk ut frå eit senter og ogtorg der dei møtte kvarandre. Barokken var ei viktig påverking heilt fram til utpå 1700-talet, dånyklassisismen tok over.

Ein finn særleg mange barokke bygg i det sentrale Tyskland, til dømesslottet i Ludwigsburg ogZwinger iDresden, og i Austerrike, men ein finn òg døme på barokk byggjekunst og byplanlegging over heile Europa og i dei tidlegare spanske koloniane i Amerika og Asia.

Kjende barokkbygg er mellom annaPeterskyrkja iRoma,Slottet i Versailles,St. Pauls katedral i London, ogInvalidedomen i Paris.Kongsberg kyrkje er eit litt mindre kjend norsk bygg i denne stilen.

Visuell kunst

[endre |endre wikiteksten]

Fascinasjonen med lys og skugge var sjølvsagt framtredande imålarkunsten på denne tida. Målarane brukte òg flotte, draperte stoff som viktig verkemiddel.

Symbolikken i bilete og skulpturar vart medvite forenkla, slik at alle kunne få utbytte av kunsten, ikkje berre dei lærde.Skulpturane frå barokken er fulle av rørsle og krefter. Dei er gjerne laga slik at dei kan sjåast frå fleire sider.

Forfattarkunst

[endre |endre wikiteksten]

Innan litteraturen søkte ein igjen å røra lesaren med veldige verkemiddel og mange ord.Allegoriar ogmetaforar var i flittig bruk, og form var ofte viktigare enn innhald. Forfattarane søkte etter under i tilværet, og tok ofte for seg religiøse emne.

Utøvande kunst

[endre |endre wikiteksten]
Sjå ògbarokkmusikk.
Den virtuose fiolinistenVivaldi.

Den barokke musikken kom litt seinare enn resten av barokken, men han kom godt. Meistrar somBach ogHändel skapa stykke som er populære og velkjende den dag i dag. Eit av dei viktigaste trekka ved musikken frå denne perioden erornamentering, med mange triller og løp, og rom forimprovisasjon. Ein dyrkavirtuosar, særskild gåverike utøvarar, noko ein mellom anna kan sjå ved at barokkmusikken ofte er mykje vanskelegare å spela enn renessansemusikken.

Opera var ei populær kunstform under barokken, fordi ho samla musikk, dans og teater til eit overveldande heile. Elles laga og framførte ein mangeoratorium,kantatar, og virtuosorgelmusikk somtoccataer ogfuger.

Viktige namn

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Barokken
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Barokken&oldid=3467075»
    Kategori:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp