Barentsburg | |||
busetnad | |||
Barentsburg sett fråGrønfjorden | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 km² | ||
Folketal | 471(2015) | ||
![]() Barentsburg 78°03′54″N14°12′58″E / 78.065°N 14.216°E /78.065; 14.216 | |||
Wikimedia Commons: Barentsburg |
Barentsburg (russisk Баренцбург) er eingruveby påSvalbard med cirka 700 innbyggarar, russarar og ukrainarar. Byen er oppkalla etter oppdagarenWillem Barents. Barentsburg ligg om lag 40 kilometer fråLongyearbyen i luftlinje. Det er ingen vegar til mellom busetnadane på Svalbard, så skal ein reise dit frå Longyearbyen må ein anten nyttesnøskuter om vinteren ellerbåt i den isfrie perioden. Heile året er det mogleg å brukehelikopter dit, det er ein mindre landingsplass påKapp Heer rett utanfor byen.
Byen harhotell, forsamlingslokale,museum,idrettshall,symjebasseng og annan busetnad. Innbyggarane er til stor del sjølvforsynte med grønsaker frå eiget drivhus, og dei har au eiget fjøs. Det er norsk postkontor på hotellet.
Den klart dominerande arbeidsgivaren er det russiske gruveselskapetTrust Arktikogul. Dei fleste som arbeider ikolgruvene er ikkjerussarar, menukrainarar. Byen blei hardt ramma etterflyulykka på Operafjellet der besetninga og alle passasjerane, menn, kvinner og born, omkom.
Den russiskekonsulen på Svalbard har kontor i Barentsburg. Samanlikna mednorske tilhøve er det fattige tilstandar i byen, men det gis noko støtte frå Longyearbyen til innbyggjarane.Sysselmannen utøverpoliti- ogdomsmyndigheit som elles på Svalbard.