Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Barbados

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Barbados

(norsk: Barbados, barbadisk)

Det barbadiske flaggetDet barbadiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«In Plenty and In Time of Need»
MottoPride and Industry
Geografisk plassering av Barbados
Offisielle språkEngelsk
HovudstadBridgetown
Styresett
President
Statsminister
Republikk
Jeffrey Bostic
Mia Mottley
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
430 km² (185.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
292 336 (176.)
276 607
679,9 /km² (8.)
Sjølvstende
FråStorbritannia, etter forhandlingar

30. november1966
Nasjonaldag30. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
4 658mill.USD (165.)
17 800USD (74.)
ValutaBarbadisk dollar
TidssoneUTC –4
Telefonkode+1-246
Toppnivådomene.bb


Barbados er einøystat aust iDet karibiske havet og vest iAtlanterhavet. Øyane er ein del avDei små Antillane og har stataneSaint Lucia ogSaint Vincent og Grenadinane som nærmaste naboar. Staten tilhøyrar verdsdelenNord-Amerika, men ligg berre 434 kilometer nordaust forVenezuela og detsøramerikanske kontinentet.

Øya er hovudsakleg bygd opp avkorall ogkalkstein. Ho er 430 km² i utstrekking, hovudsakleg flat, men med høgare område i innlandet. Barbados ligg 13º nord forekvator og har einlengdegrad på 59º vest. Klimaet ertropisk med konstantepassatvindar. Det finst nokremyrer ogmangroveområde her, i tillegg til store menneskeskaptesukkerrøyrplantasjar.

Landet har ein av dei høgastelevestandardane i verda og ligg på 0,788 påHuman Development Index-skalaen. Dette er det tredje beste i Nord-Amerika. Det er eit av dei tettast folkesette i verda, og peikar seg òg ut gjennom særs høglesekunne blant innbyggjarane.

Namnet «Barbados» kjem frå den portugisiske oppdagarenPedro Campos, som i1536 kalla øyaOs Barbados, 'deiskjeggete', etterfikentrea med luftrøter som voks der.

Kart over Barbados

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Barbados framstår som eit ferieparadis og er blitt eit populært feriemål for vestlege turistar

Barbados ligg i Det karibiske havet, men aust for dei andre karibiske øyane, der Det karibiske havet møter Atlanterhavet. På det breiaste er øya 23 kilometer og på det lengste 34 kilometer, noko som utgjer eit samla areal på 431 km². Øya er relativt flat, med nokre høgdedrag lenger inn i øya. Det høgaste punktet er fjellet Mount Hillaby som ligg 336 meter over havet.

Klimaet er tropisk med regn frå juni til oktober. Barbados er for det meste skåna frå orkanar og tropiske stormar i og med at staden ligg sør i Karibia og dermed utanfor det typiske orkanbeltet. Øya blir råka av orkanar ein gong kvart tredje år og direkte orkanar kjem berre kvart 26 år.[1]

I Saint Michael parish ligg hovudstadenBridgetown. Av innbyggjarane blir denne byen helst berre kalla «The City» eller «Town». Andre byar som ligg spreidd rundt på øya er Holetown i Saint James parish, Oistins, Christ Church parish og Speightstown i Saint Peter parish.

Barbados hartropisk klima påverka avpassatvinden. Temperaturane endrar seg lite gjennom døgnet og året.Middeltemperaturen i januar er 25 °C, og i august 27 °C. Årsnedbøren er kring 1250-1500 mm, med mest nedbør i perioden juni-november. Resten av året ertørketid.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Dei første som kom til øya var nomadar frå Sør-Amerika, og var den første av tre bølgjer av utvandrarar som drog nordover mot Nord-Amerika. Desse var Saladoid-Barrancoid-grupper av bønder, fiskarar og keramikarar som kom i kano frå Sør-Amerika (Orinoco-dalen i Venezuela) rundt år 350.Arawakfolk utgjorde den andre bølgja som utvandra frå Sør-Amerika rundt år 800.Dei danna busetjingar ved det som i dag er Stroud Point, Chandler Bay, Saint Luka's Gully og Mapp's Cave. Iølgje arawakar på andre øyar skal dei ha kalla denne øya forIchirouganaim.Karibar steig i land på øya på 1200-talet og fortrengde dei tidlegare innbyggjarane. Dei neste hundreåra levde karibane, som arawakane og saladoid-barranoid-folket hadde gjort før dei, isolert på øya.

Spanjolane kom til øya ved byrjinga av 1500-talet. Spanskeconquistadorar fanga mange karibar, tok dei med seg og brukte dei somslavarplantasjar. Andre karibar rømde frå øya. Britiske sjømenn som gjekk i land på Barbados rundt 1620 fann øya nesten aude.

The Barbadoes Mulatto Girl, av Agostino Brunias, 1779

Frå britane først kom til øya i 1627–1628 og heilt til sjølvstendet i 1966 var ho berre under deira kontroll. Britane laga plantasjar som dei dreiv medslavearbeid til dette blei forbode i1834. Frå og med 1620-talet blei det send ein del afrikanske slavar til øya. 5000 av den lokale folkesetnaden døydde av feber i 1647 og hundrevis av slavar blei avretta av britiske rojalistar underden engelske borgarkrigen på 1640-talet, sidan dei frykta at ideae til demokratisk sinnaLevellers kanskje ville spreia seg til slavane på Barbados om parlamentet tok kontroll.

Store mengder avkeltiskspråklege innvandrarar fråIrland ogSkottland kom til øya somkontraktstenarar. Desse blei nytta som bufferar mellom dei engelske plantasjeeigarane og den større afrikanske slavebefolkninga, medan dei bidrog med teneste i kolonialmilitsen og samstundes spelte ei stor rolle som allierte med den stadig veksande svarte slavefolkesetnaden i ei lang rekkje koloniale opprør. I 1659 sende engelskmennene mange irar og skottar til Barbados som slavar, og kongJakob II og andre kongar av Stuart-dynastiet sende skuter og engelskmenn til øya, blant anna etterMonmouth-opprøret i 1685. Dei noverande etterkommarane av desse opphavlege slavane bkir ofte kallaredlegs, eller lokaltecky becky, og er blant dei fattigaste innbyggjarane på Barbados. Det har òg vore ein del giftarmål mellom skottar og irar og afrikanarar på øya.

Gradvise sosiale og politiske reformer i 1940- og 1950-åra førte til sjølvstende fråStorbritannia i1966. Under kolonitida hadde Barbados alltid hatt relativt sett mykje sjølvstyre, det lokale parlamentetHouse of Assembly byrja verksemda i 1639. Blant viktige tidlege øybuar varWilliam Courten. Sjølvstyret blei utøvd av britiske utvandrarar, og ikkje av den opphavlege folkesetnaden.

Politikk

[endre |endre wikiteksten]

Barbados har vore ein sjølvstendig stat sidan 30. november 1966. I 2021 blei det ein republikk medSandra Mason som den fyrste presidenten. Fram til 2021 var landet eit monarki medElisabeth II av Barbados som dronning. Som samvelderike delte Barbados monark med 15 andre statar. Monarken var representert av generalguvernøren.

Parlamentet byggjer på den britiskeWestminster-modellen. Det har eit underhus, kalla House of Assembly, med 30 sete og eit overhus, kalla Senatet, med 21 sete. Demokratiet på Barbados er eit av dei sikraste demokratia i Karibia. Den utøvande makta ligg hjå statsministeren og kabinettet hans. Vanlegvis er statsministeren leiar for det vinnande partiet i valet av underhus. Det blir halde val kvart femte år. Dei 21 medlemmane av senatet blir peikte ut av generalguvernøren.

Det er blitt fremja ønske om at Barbados skal bli gjort om til republikk, men dette har ikkje blitt noko av.

Barbados er medlem avSN,Samveldet av nasjonar,Organisasjonen av amerikanske statar,CARICOM,Association of Carribean States og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar.

Forsvars- og utanrikspolitikk

[endre |endre wikiteksten]

Forsvarsstyrken i landet,Barbados Defence Force, blei grunnlagd i 1979. I tillegg til å ivareta forsvaret av landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[2]

Barbados Defence Force består av eininfanteribataljon,kystvakt og ein luftveng. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 626 personar (2010).[3]

Barbados er medlem iRegional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[4] Hovudkvarteret til organisasjonen ligg på Barbados.

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]
Folkeveksten i Barbados sidan 1961 (tala er oppgjeven i tusen)

Barbados har eit folketal på 290 604 (per 2015), med ein folkevekst på cirka 0,33 %. Omtrent 90 % av alle barbadiarar (lokalt kjende som bajanarar) har afrikansk bakgrunn(«afro-bajanarar»). Dei fleste av desse er etterkommarar av slavar som jobba på sukkerplantasjane. Resten av folkesetnaden er europearar som hovudsakleg stammar fråStorbritannia,Irland,Portugal ogSpania,kinesarar, hinduar og muslimar fråIndia,Bangladesh ogPakistan, og arabiske barbadiarar som hovudsakleg stammar fråSyria ogLibanon. Det finst òg mange folk på øya som er avkreolsk avstamming som er ei blanding av afro-karibar og europearar. Andre på øya er spanske og mesteparten kjem frå søramerikanske naboar somVenezuela ogBrasil, medan andre kjem frå spanske karibiske øyar somPuerto Rico,Cuba ogDen dominikanske republikken.

Det offisielle språket i landet erengelsk og den lokale dialekten blir kalla bajansk.

Trussamfunn på Barbados (2010)[5]
Anglikanarar
 
23,9%
Andre pinsevennar
 
19,5%
Adventistar
 
5,9%
Metodistar
 
4,2%
Nasarenarar
 
3,2%
Church of God
 
2,4%
Jehovas vitne
 
2,0%
Baptistar
 
1,8%
Herrnhutismen
 
1,2%

Barbadarane er i hovudsakkristne. Ved folketeljinga i 2010 var 23,9 %anglikanarar, medan 19,5 % blei telde som «andre pinsevennar». Fleire andre kyrkje- og trossamfunn finst òg. 5,9 % varadventistar, 4,2 %metodistar, 3,2 % nasarenarar, 2,4 % tilhøyrdeChurch of God, 2 % varJehovas vitne, 1,8 %baptistar og 1,2 % tilhøyrdeherrnhutismen.[5]

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]
I dag framstiller Barbados seg, og blir sett på som, eit ferieparadis.

Historisk har produksjon avsukker,melasse ogrom vore berebjelkane i økonomien. Menturisme har blitt stadig viktigare for øya, og i 1990-åra blei denne og produksjonsindustrien viktigare enn sukkerindustrien.

Rom frå Barbados blir kallaeklipse-rom på grunn av plasseringa av øya vedKrepsens vendekrins (ekliptikken). Destilleriet heiter «Mount Gay Distilleries».

Turisme og service er i dag hovudarbeidsfeltet for 75 % av arbeidsstokken, med 15 % i industri og 10 % i landbruk og fiske (tal frå 1996). Arbeidsløysa er vanlegvis under 10 %. Ein prøver å få opp att dyrking avbomull. Øya har som den einaste av Dei vestindiske øyane oppdaga olje- og gassreservoar innanfor territorialgrensa sin.

Turismen nyt godt av at dei aller fleste orkanane har ein nordlegare bane på veg inn iMexicogolfen.Passatvindane gjer klimaet behageleg med pålandsvind med havtemperatur kring 30 gradar om dagen og frålandsvind om natta. Strendene langs kysten er lyse sandstrender.

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]
Barbados' prestegjeld

Barbados er oppdelt i 11 parish:

  1. Christ Church
  2. Saint Andrew
  3. Saint George
  4. Saint James
  5. Saint John
  6. Saint Joseph
  7. Saint Lucy
  8. Saint Michael
  9. Saint Peter
  10. Saint Philip
  11. Saint Thomas

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Barbados Weather», barbados.org. Lest 9. mars 2015.
  2. Chapter 9: Special Section: The Caribbean», iA Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113, 115.
  3. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», iA Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 116.
  4. Dent, David W. og Larman C. Wilson:Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
  5. 122010 Population and Housing Census. Volume 1Arkivert 2017-01-18 vedWayback Machine., Barbados Statistical Service, 2013, s. 56.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Barbados
Medlemmar
Observatørar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Barbados&oldid=3627931»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp