Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Baptisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trusdåp iJordanelva iIsrael.

Baptisme er eikristen trusretning som har utgått fråprotestantismen.

Opphav

[endre |endre wikiteksten]

Baptismen oppstod i kjølvatnet avreformasjonen i England på 1600-talet. Dei første baptistane var grupper som var opptekne av å gå mykje lenger enn dei andre protestantane når det galdt brotet medden katolske kyrkja. Baptismen er altså ein reaksjon på brotet medkatolisismen, og han kjem sjølv fråprotestantismen.

På 1600-talet var det fleire engelske religiøse grupper som vart påverka av læra til nederlandskeanabaptistane eller atterdøyparar, medan dei sjølve ofte hadde eInpuritansk bakgrunn.

Særpreg

[endre |endre wikiteksten]

Det som særpregar baptismen er vekta på personleg tru,vaksendåp og fridom. Baptistane meiner at den som trur påGud ogJesus, sjølv av fri vilje lyt ha vald å tru på dei. Dei viser til at dei første kristne,apostlane, hadde vald å tru på Jesus av eigen vilje. Dei hadde vedkjent seg ei personleg tru, altså teke eit standpunkt sjølve. Av den grunn har baptistane forkastabarnedåpen og innført vaksendåp. Dette er for at den som blir døypt sjølv skal kunna vera klår over sitt religiøse val.

Ut frå dette prinsippet om å vedkjenne eipersonleg tru, meiner baptistane at alle menneske skal ha full religionsfridom. Dei er også opptekne av tanke- ogytringsfridom. Eit anna viktig moment er at kvar baptistmeinigheit styrer seg sjølv, med eitdemokratisk råd som øvste organ. Baptistane er aktive innanfor sosialt arbeid, arbeid for sosiale rettar og kampen for trusfridom. Eit eksempel er den kampen somMartin Luther King jr. førte forborgarrettar forafroamerikanarar iUSA i1950- og1960-åra.

Utbreiing

[endre |endre wikiteksten]

I dag finst det kring 100 millionar baptistar i verda; 5 100 av dei bur iNoreg. Dei fleste baptistane bur i USA, og det er særleg afroamerikanarar som høyrer til baptismen. Afroamerikanarane var opphavlegfattige, og baptismen er dermed ei trusretning som først og fremst har fattige ogmiddelklassen i meinigheitene sine. Det er tradisjonelt stor vekt på deltaking frå bådekvinner ogmenn. Kvinner fekk tidleg tillitsverv og er òg sosialt aktive innanfor baptismen. Baptismen er det største protestantiske samfunnet i USA, men i resten av verda er ikkje baptistsamfunna tilsvarande dominerande.

Mange av kyrkjene følgjer ei ordning der dei enkelte meinigheitene har stor grad av sjølvstyre, men mange av dei er òg organiserte i større unionar; ein av dei mest kjende — og den største — erSouthern Baptist Convention iUSA. Baptistane har sett sitt preg på kulturen fleire stader i Statane.

I Noreg er baptistane representerte vedDet norske baptistsamfunn og ved enkelte uavhengige meinigheiter.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Baptisme&oldid=3451370»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp