Banja Luka ellerBanjaluka (kyrillisk Бања Лука) er ein kommune og den største byen ogde facto hovudstad iDen bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som statenBosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag avDaytonavtalen.[2] Banja Luka er òg den nest største byen i heile Bosnia-Hercegovina med om lag 140 000 innbyggjarar i sjølve byen og vel 185 000 i heile kommunen. Byen var kjend i det tidlegareJugoslavia for å vere ein by full av trefeltsgater,hagar ogparkar. Byen hyserUniversitetet i Banja Luka, eit av to universitet i Republika Srpska.
Banja Luka er hovudbyen i den geografiske regionenBosanska Krajina nordvest i landet ved elvaVrbas. Byen ligg i Banjalukadalen iDei dinariske Alpane, og områda rundt byen er skogkledde.
Banja Luka vart først nemnd i dokument i 1494, men ein har funne spor etterromerske busetnadar her, mellom anna den gamle festninga Kastel midt i byen.Slavarane slo seg ned her på 600-talet. Ein av dei første offentlege bygningane som vart bygd etter Kastel var eitfransiskanarkloster bygd i 1378 i naboområdet til Banja Luka. Det var først på midten av 1500-talet, som ein del avDet ottomanske riket, byen verkeleg utvikla seg dåFerhat Pasa Sokolovic bygde over 200 prosjekt frå handverkar- og salsbutikkar tilkveitevarehus,bad ogmoskear, i tillegg til sanitæranlegg. I 1688 vart byen sett i brann av austerrikarar, men vart raskt bygd opp att, og Banja Luka vart etter kvart eit strategisk militærsenter. Byen vart derimot ikkje moderinisert før han kom inn under styret tilAusterrike-Ungarn seint på 1800-talet.
UnderDen andre verdskrigen vart byen okkupert av romersk-katolske kroatar (som var for nazistane), og serbiske og jødiske familiar i byen vart deporterte til nærliggande konsentrasjonsleirar.
I 1969 øydela eit kraftigjordskjelv mange bygningar i Banja Luka, mellom anna ein stor bygning kalla Titanik i midten av byen. Med hjelp frå resten av statane i Jugoslavia vart byen bygd opp att, men mange av dei gamle bygningane frå den ottomanske perioden var totalt øydelagde.
Det vart gjort store endringar i byen underJugoslavia-krigane på 1990-talet. Enkelte kroatar og muslimar vart tekne tilinterneringsleirar, og alle moskeane som var bygde på 1400- og 1500-talet vart øydelagde, mellom annaFerhadijamoskeen, som på den tida stod påUNESCO siverdsarvliste. Eit forsøk på å rekonstruere moskeen i 2001 førte til opprør av serbarane, og gateslagsmål mellom serbarar og bosniarar. Andre moskear er derimot oppførte på ny, og ein reknar med at ein i nær framtid skal få opp ein rekonstruksjon av Ferhadijmoskeen òg.