Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Banansmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banansmett
Banansmett
Banansmett
Utbreiing og status
Status i verda:LCLivskraftigUtbreiinga av banansmett
Utbreiinga av banansmett
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:SporvefuglarPasseriformes
Familie:Tanagarar
Slekt:Coereba
Art:BanansmettC. flaveola
Vitskapleg namn
Coereba flaveola
Banansmettegg

Banansmett (Coereba flaveola) er ein litensporvefugl med ei gjennomsnittleg lengd på 11  cm. Han ermonotypisk islektaCoereba.

Han har mørk grå overside, ei svart krone på hovudet, iaugefallande, kvite augestriper og gul underside og gump. Kjønna er like. Banansmetten har eit slankt bendtnebb som passar til å ta nektar frå blomar. Nokre gongar borar han seg inn frå sida utan å pollinere planten. Han kan ikkje stille i lufta somkolibriar og må alltid ha fotfeste når han tar maten.Frukt oginsekt står òg på etesetelen, ofte vitjar desse fuglanehagar og kan bli mykje tamme. Kallenamnet sukkerfugl kjem av at dei har tilhug til å ete sukkerkorn frå fuglebrett og fat, ein metode for å trekke til seg desse fuglane på kjeint fråDei amerikanske Jomfruøyane.

Utbreiingsområdet for denne arten er fråtropiskeSør-Amerika i sør og nord til det sørlegeMexico ogKaribia. Han er ein sjeldan gjest iFlorida,USA.

Grenada og Saint Vincent har dei fleste banansmettar mørk fjørdrakt som skil dei frå andre populasjonar iVestindia.

Banansmetten byggjer kuleforma reir med sideinngang, hoa legg opp til tre egg i kullet.

Klassifisering

[endre |endre wikiteksten]

Banansmetten vart første gong skildra av Linné i hansSystema naturae i 1758 med namnetCerthia flaveola.[1]

I1809 omklassifiserte Louis Jean Pierre Vieillot arten som den einaste medlemmen i slektaCoereba.[2] FamilienCoerebidæ samla tidlegare fleire artar av fuglar som et nektar i tropisk Amerika, men dei andre artane er sidan flytta ut frå familien.Ornitologar klassifiserte arten somincertae sedis (usikker klassifisering) i 2008.[3]

Banansmetten er trudd å vere ein del av ei gruppe som inkludererdarwinfinkar,Tiaris,Loxigilla, med fleire, dei fleste tidlegare plassert ibusksporvfamilien Emberizidae, men er no kjente for å vere ein del avtanagarfamilien Thraupidae.[4] Slik sett vil nokre autoritetar plassere arten førebels i Thraupidae fram til ein studie antyder meir nøyaktig plassering. Dette er òg reflektert iClementslista frå 2012.[5]

Det var skildra 41underartar av banansmett per 2012.[6]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Linné, C (1758).Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata.. Holmiae. (Laurentii Salvii)., 119. “C. nigra, uropygio pectoreque luteo, superciliis macula alarum rectricümque apicious albis”
  2. Vieillot, Louis Jean Pierre.Histoire naturelle des oiseaux de l'Amérique septentrionale. Desray, Paris, 70.
  3. American Ornithologists' Union (2008).«Check-list of North American Birds». Henta 21. oktober 2012. 
  4. Burns, K. J.; Hackett, S. J.; Klein, N. K. (2002).«Phylogenetic relationships and morphological diversity in Darwin's finches and their relatives»(PDF).Evolution56 (6): 1240–1252.PMID 12144023.doi:10.1111/j.0014-3820.2002.tb01435.x. 
  5. The Clements Checklist of Birds of the WorldUpdates & Corrections - Sept 2012 (Om side 647)
  6. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012),The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7(Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Banansmett
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Banansmett&oldid=3511119»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp