Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Baldakin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baldakin for eitrelikvarium.
Baldakin over alteret iPeterskyrkja laga avBernini.

Baldakin (avitalienskbaldacchino) er ei himling eller overdekking som ikkje er halden oppe av veggar, men av til dømes søyler eller feste til ein bakvegg.[1]

Opphavleg viste omgrepet til ein typesilke fråBagdad, som var kjend somBaldacco på italiensk i mellomalderen. Seinare kunne det visa til ei himling av tøy som blei boren i prosesjon eller montert over ein sitteplass (også kalla «tronhimmel») som symbolsk vern og markering av vyrdnad. Etterkvart kunne det visa til liknande former for dekke, også permanent arkitektur av harde materiale.

Baldakinar kan byggjast som framspringendetak over inngangsparti eller visse opphaldsstader, somalter,preikestol,senger,troner,relikvarium ogstatuar.

Ein baldakin boren av fire søyler over eit alter blir kalla eitciborium. Baldakinar kan også framleis vera flyttbare og brukast som vyrdnadsteikn iprosesjonar over einæresperson eller æresgjenstand.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Gunnarsjaa, Arne (1999)Arkitekturleksikon. Oslo : Abstrakt forlag. ISBN: 82-7935-007-1 (e-bok ved nb.no)
Fotnotar
  1. «Baldakin».Store norske leksikon. 12. juni 2018. Henta 29. juli 2018. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Baldakin&oldid=3369157»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp