Hovudstaden og største byen på Bahamas erNassau, som ligg på den vesle øya New Providence. Turks- og Caicosøyene og tre øyar til er ei geografisk fortsetjing av Bahamas, men høyrer ikkje til Bahamas-samveldet.
Bahamas har eitsubtropisk klima som er påverka avGolfstraumen ognordaustpassaten. Særleg om vinteren blir klimaet betydeleg moderert av Golfstraumen. August er den varmaste månaden, medan januar er den kaldaste. I hovudstaden Nassau ermiddeltemperaturen 20 °C i januar og 27 °C i august. Det kjem kring 1000-1500 mm nedbør på eit år og mest nedbør kjem det på sommaren.
Orkanar er eit trugsmål frå midten av juli til midten av september.[1]I 2019 blei landet hardt ramma avorkanen Dorian.[2] Orkanen var den sterkaste som var blitt registrert i Atlanterhavet sidan 1935, og hadde einstyrke på fem då han traff øygruppa.[3] Dorian traff Bahamas den 1. september og brukte to døgn på å forlate øygruppa.[4] Over70 000 blei heimlause, nesten ein femtedel av befolkninga.[5]
Paleo-indianarar kan ha vore busette i området opphavleg, men blei fortrengde av arawak-talandetainofolk fråHispaniola ogCuba som innvandra til det sørlege Bahamas på 700-talet og etter kvart danna folkesetnadsgruppalucayanarar.[6] Det er gjort eit overslag på at det fanst 40 000 lucayanarar i området dåChristofer Colombus kom til øyane. Columbus gjorde sin første landgang i Amerika var på øya San Salvador (òg kalla Watling Island etter ein seinare engelsk sjørøvar), som høyrer til dei sørlege delane av Bahamas. Det var her Columbus fekk kontakt med lucayanarane og byrja å bytta varer med dei.
Etter at dei bahamanske lucayanarane blei sende til Hispaniola som slavar, gjekk mange lucayanske samfunn til grunne. Folkesetnaden blei redusert gjennom tvangsarbeid, tvinga militærteneste, utvandring og ekteskap, og av dei innførte europeiske sjukdommane som dei manglaresistens mot. Etter at den lucayanske folkesetnaden var nesten utrydda, var øyane praktisk talt utan busetjing heilt til engelske kolonistar kom fråBermuda i 1647. Dei såkalla «eleutherianske eventyrarane» busette seg på øya Eleuthera.
Bahamas blei ein britisk kronkoloni i 1718. Omtrent 8 000 lojalistar og slavane deira kom til øyane seint på 1700-talet frå dei nordamerikanske delstataneNew York,Florida ogCarolina. Slaveriet blei endeleg oppheva i heileDet britiske imperiet 1. august 1834, og dette gjaldt òg for Bahamas. Dette førte til at mange rømde slavar flykta over havet frå USA i voner om å få fridom på Bahamas.
Britane gav øyane indre sjølvstyre i 1964, og i 1973 fekk Bahamas fullt sjølvstende. Landet heldt fram som monarki med dronningElisabeth II som statsoverhovud. Det blei medlem avSamveldet av nasjonar.
Bahamas har vore ein sjølvstendigstat sidan 1973. Dei lovgjevande og politiske tradisjonane i landet står dei tilStorbritannia.
Den ikkje-fastbuande monarken av Bahamas,Elisabeth II, er det seremonielle statsoverhovudet, representert av ein bahamansk generalguvernør. Statsministeren er regjeringssjefen, og er leiar av partiet med flest medlemmar i det valdeHouse of Assembly. Det andre kammeret utanom House of Assembly er Overhuset eller Senatet. Medlemmane i senatet er ikkje folkevalde, men blir utnemnde av generalguvernøren. Den utøvande makta ligg hos regjeringa, medan den lovgivande makta blir utøvt av både regjeringa og dei to kammera.
Partisystemet er dominert av Det progressive liberale partiet, som er eit sentrum-venstre parti, og Den frie nasjonale rørsla, som er eit sentrum-høgre parti. Det finst òg andre små parti som ikkje har vunne val til parlamentet. Av desse partia kan nemnast Bahamas demokratiske rørsle, Samlinga for demokratisk reform og Det bahamanske nasjonalistpartiet.
Konstitusjonelt vern inkluderer ytrings- og pressefridom, religions- og organisasjonsfridom. Bahamas er eit fullverdig deltakande medlem avCARICOM, den karibiske fellesskapen.
Den dømmande makta ligg hjå den utøvande makta og den lovgjevande forsamlinga. Rettssystemet er basert på britisk alminneleg lov («common law»).
Forsvarsstyrken i landet, Royal Bahamas Defence Force, blei skipa i 1980. I tillegg til oppgåva med å ivareta forsvaret av landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[7]
Royal Bahamas Defence Force består av ein sjøforsvarsskvadron og ein luftforsvarssving. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 1 061 mann (2010).[8]
Den største industrien på Bahamas er turistindustrien. Hovudstaden Nassau har jamleg besøk av cruiseskip. Turistindustrien står for rundt 50 % av BNP for Bahamas, og sysselset også rundt halvparten av arbeidskrafta i landet.[9][10] I 2012 hadde Bahamas 5,8 millionar turistar, der over 70 % var cruisepassasjerar.[11]
Etter turisme er den viktigaste økonomiske sektoren bankverksemd ogoffshore-finans, noko som står for rundt 15 % av BNP.[9] Landet har eit svært lågt skattetrykk (tidvis kalla eitskatteparadis). Det offentlege får inntekter frå toll,moms, lisensar, eigedoms- og salsskatt, men det finst ingen inntektsskatt, selskapsskatt, utbytteskatt eller formueskatt. Arbeidsgjevaravgift på 3,9 % frå arbeidstakaren og 5,9 % frå arbeidsgjevaren betaler sosialsforsikring.[12] I 2010 var skatteinntektene som del av BNP på 17,2 %.[13]
Kulturen på øyane er forma av afrikansk, britisk og amerikansk påverknad. Afro-bahamianarar er den største folkegruppa på øya, britane var tidlegare kolonimakta, og amerikanarar er det mektigaste landet i regionen og den største turistgruppa.[6]
Junkanoo er ei tradisjonell afro-bahamiansk feiring som omfattar gateparadar ellerrushing, musikk, dans og kunst. Han blir halden i Nassau og nokre andre busetnadar påandre juledag ognyttårsdag, i tillegg til andre markeringar som Emancipation Day.[6]
Regattaer er viktige sosiale hendingar som kan omfatta fleire dagar med segling i gammaldagse arbeidsbåtar, i tillegg til ein festival på land.[15]
Nokre busetnader har festivalar knytte til tradisjonelle avlingar eller matrettar knytte til staden, somPineapple Fest i Gregory Town påEleuthera ellerCrab Fest på Andros.
Bahamas har ein rik litterær tradisjon som mellom anna omfattar poesi, noveller og drama. Nokre kjende forfattarar er Susan Wallace, Percival Miller, Robert Johnson, Raymond Brown, O.M. Smith, William Johnson, Eddie Minnis ogWinston Saunders.[16][17]
PopgruppaBaha Men, som er best kjend for hitten «Who Let the Dogs Out» frå 2000, er frå øystaten.