Bagdad (arabiskبغداد) er hovudstaden iIrak. I 2016 hadde Bagdad kring 8,8 millionar innbyggjarar,[2] og er den største byen i Irak, den neste største iden arabiske verda etterKairo iEgypt og den nest største byen i Vest-Asia (etterTehran iIran).
Byen ligg vedTigris, vart grunnlagd på 700-talet og vart hovudstaden tilabbasidane. Kort tid etter han vart grunnlagd utvikla Bagdad seg til eit viktig senter for kultur, handel og vitskap forden islamske verda. I tillegg var her fleire viktige, akademiske institusjonar (t.d.Visdomshuset), som gav byen eit verdsomfattande rykte som eit «læresenter».
Fem hundre år etter Bagdad vart grunnlagd var han den største byen imellomalderen og hadde på det meste meir enn ein million innbyggjarar..[3] Byen vart nesten heiltlagt i ruinar avMongolriket i 1258, og førte til ei nedgangstid som varte i fleire hundreår med mange pestepidemiar og herskarar. Då Irak vart ein sjølvstendig stat (tidlegaredet britiske mandatet for Mesopotamia) i 1938, fekk Bagdad til ein viss grad attende rolla si som eit viktig senter forarabisk kultur.
I moderne tid har byen ofte slite med øydeleggingar av infrastrukturen i byen, sist underinvasjonen av Irak i 2003 og den påfølgjandeIrakkrigen som varte til desember 2011. I seinare år har byen stadig vore angripe av opprørarar. I 2012 vart Bagdad rekna som ein av dei minst gjestfrie byane i verda å bu i,[4] og vart avMercer rekna nedst på lista over 221 byar for livskvalitet.[5]
Namnet Bagdad er førislamsk og opphavet er omstridd.[6] Staden der Bagdad ligg byrja har vore busett i tusenvis av år. På 700-talet evt. hadde det utvikla seg fleire landsbyar her, mellom anna ei persisk[7][8] grend kallaBagdad. Dette namnet kom til å bli brukt for byen som abbasidane herska over her..[9]
Arabiske skribentar som meiner namnet er førislamsk har generelt sett etter røtene til namnet på persisk.[6] Dei har føreslåttforskjellige tydingar, og det vanlegaste er «skjenkt av Gud».[6] Moderne forskarar har generelt vore samd med denne tolkinga,[6] som ser på ordet som ei samansetning avbagh () «gud» ogdād () «gjeven»,[10][11] Igammalpersisk kan det første elementet sporast attende tilboghu og er nært knytt til det slaviskebog som tyder «gud», medan det andre kan sporast attende tildadāti.[12] Namnet på byenBaghdati iGeorgia har same namnesoge.[13][14]
Eit par forskarar har føreslått eit eldre opphav for namnet, og særskild namnetBagdadu ellerHudadu som finst i gammal babylonsk, og det babylonsk-talmudiske namnet på ein stad kalla «Baghdatha».[6][15][16] Somme forskarar har føreslått eit arameisk opphav.[6]
Då abbasidekalifenal-Mansur skipa ein heilt ny by for hovudstaden sin, valde han namnetMadinat al-Salaam ellerFredsbyen. Dette var det offisielle namnet på myntar, og i anna offisiell bruk, men på folkemunne heldt ein fram å bruke det gamle namnet.[17][18] På 1000-talet vart nesten berre «Bagdad» brukt som namn på den verdskjende metropolen.
Bagdad frå ei trykksamling i Travels in Asia and Africa, etc. (av J. P. Berjew, British Library)
Etterr fallet tilomajadane, det første muslimske dynastiet, ønskte dei sigrandeabbasidane sin eigen hovudstad dei kunne regjere frå. Dei valde ein stad nord forsassanide-hovudstadenKtesifon (og like nord for der oldtidsbyenBabylon hadde lege), og den 30. juli 762[19] tingakalifenAl-Mansur byggjinga av byen. Han vart bygd under leiing avbarmakidane.[20] Mansur meinte at Bagdad var ein perfekt by som hovudstad for det islamske riket til abbasidane. Mansur likte staden så godt at han skal ha sagt: «Dette er verkeleg byen som eg grunnla, der eg skal bu, og der mine etterkomarar skal regjere».[21]
Den flotte plasseringa gjorde at byen voks raskt. Han hadde kontroll over dei strategiske vegar og handelsruter langsTigris, og var rik på vatn i eit elles tørt klima. Det var vatn på både nord- og sørsida av byen, slik at alle hushald hadde god vassforsyning, noko som var særs uvanleg på denne tida.
Bagdad voks forbi Ktesifon, hovudstaden til sassanidane, som låg 30km lenger søraust. I dag er alle restane av Ktesifon ein del avSalman Pak, like sør for Stor-Bagdad. Ktesifon hadde igjen erstatta og absorbertSelevkia, den første hovudstaden tilSelevkideriket, som tidlegare hadde erstatta byenBabylon.
I tidlege år var byen kjend som ei tilsikta påminning om eit uttrykk iKoranen då han refererer tilParadis.[22] Det tok fire år å byggje byen (764–768). Mansur henta inn ingeniørar, landmålarar og kunstarbeiarar frå heile verda og teikna planar for byen. Over 100000 anleggsarbeidarar kom for å setje planane i verk.[23] Juli vart vald som oppstartstidspunkt fordi toastrologar,Naubakht Ahvazi ogMashallah, meinte at byen burde byggjast under teiknet tilløva.[24] Løva er knytt til eld og symboliserer produktivitet, stoltheit og utviding.
Mursteinane som vart brukte i byen var 45cm lange alle fire sider.Abu Hanifah var teljar av mursteinane og han utvikla ein kanal som førte vatn til arbeidsstaden for både drikkevatn og for å lage mursteinane. Marmor vart òg nytta som byggmateriale over heile byen, og marmortrapper førte ned til elvebreidda.
Rammeverket for byen består av to store halvsirklar som er kring 19km i diameter. Byen vart designa som ein sirkel med ein diameter på kring 2km, som førte til at han vart kjend som «den runde byen». Den opphavlege utforminga syner ein enkelt ring med bustader og handelsbygg langs innsida av bymurane, men den endelege konstruksjonen hadde enno ein ring innafor den første.[25] Innafor byen var det mange parkar, hagar, villaer og promenadar.[26] I sentrum av byen lågmoskéen, i tillegg til hovudkvarteret til vaktene. Kva som var føremålet med resten av arealet i sentrum er ikkje kjend. Den sirkelforma byen var ein direkte etterkomar av den tradisjonelle, persiske sasanidiske byplanlegginga. SasanidebyenGur iFars, bygt 500 år før Bagdad, er nesten identisk i den generelle sirkelforma si, med avenuar som stråler utover og statlege bygg og tempel i midten av byen. Denne urbane stilen stod i kontrast til den greske og romerske byplanlegginga i oldtida, der byane vart utforma som firkantar med gater som kryssa kvarandre i rette vinklar.
Dei fire bymurane kring Bagdad vart kallaKufa,Basra,Khurasan ogSyria fordi portane deira peikte i retninga til desse stadane. Avstanden mellom portane vart litt mindre enn 2,5km. Kvar port hadde doble dører som var laga av jarn. Dørene var så tunge at det måtte fleire menn til for å opne dei. Sjølve muren var 44meter tjukk ved botnen og kring 12meter tjukk på toppen. Muren var òg 30meter høg, inkludertmurtindar, ein solid del av ein befesta brystvern som vanlegvis var gjennomstukken avskyteskår. Denne muren var omringa av ein annan mur som var kring 50meter tjukk. Den andre muren hadde tårn og avrunda murtindar, som låg kring tårna. Denne ytre muren vart verna av ein solidskanseskråning, som var laga av mursteinar ogbrent kalk. Utanom den ytre muren var ei vassfylt vollgrav.
Den gylne port-palasset var bustaden til kalifen og familien hans og låg midt i Bagdad, på det sentrale torget. I den sentrale delen av bygningen var det ein 39meter høg, grøn dom. Kring palasset var einesplanade, ein bygning over vatnet, der berre kalifen kunne kome ridande til hest. I tillegg låg palasset nær andre herskapsbygg og bustadane til offiserane. Nær Syriaporten var det ein bygning om vaktene budde i. Han var laga av murstein og marmor. Palassguvernøren budde i den bakerste delen av denne bygningen og vaktkommandøren i den fremre. I 813, etter kalifenAl-Amin døydde, vart ikkje palasset lenger nytta som heimstaden til kalifen og familien hans.[27]Dei runde formene peiker på at dei var baserte påarabisk skrift.[28] Dei to byplanleggjarane som vart hyra avAl-Mansur for å planleggje utforminga av byen, varNaubakht, einZarathustra-tilbedar som avgjorde at grunnleggingsdatoen til byen måtte vere på ein astrologisk viktig dag, ogMashallah, ein jøde fråKhorasan iIran.[29]
Innan ein generasjon etter Bagdad vart skipa, vart han eit senter for lærdom og handel.Visdomshuset var ein institusjon for omsetjing avgreske,mellompersiske oggammalsyriske verk. Lærde kom til Bagdad frå heile riket tilabbasidane og introduserte persisk, gresk og indisk vitskap til den arabiske og islamske verda på den tida. Bagdad var truleg den største byen i verda frå kort etter han vart skipa og fram til 930-åra, dåCórdoba var blitt like stor.[30] Fleire estimat tyder på at byen hadde over ein million innbyggjarar på det meste.[31] Mange av sogene iTusen og ei natt er sett til Bagdad på denne tida.
Bagdad var mellom anna på denne tida kjend for dei eksepsjonelle biblioteka. Mange av abbaside-kalifane verna om lærdom og likte å samle litteratur frå både oldtida og samtida. Sjølv om somme av fyrstane frå det tidlegare Omajade-dynastiet hadde byrja å samle inn og omsetje gresk vitskapslitteratur, var abbasidane dei første som pleia gresk lærdom på stor skala. Mange av desse biblioteka var private samlingar som berre var meint for eigarane og venene deira, men biblioteka til kalifen og andre embetsmenn vart etter kort tid offentlege eller delvis offentlege.[32] Fire store bibliotek vart skipa i Bagdad på denne tida. Det første vart skipa av den kjende Al Mamun, som var kalif frå 813 til 833. Eit anna vart skipa av Sabur Ibn Ardashir i 991 eller 993 for lærde menn som vitja akademiet hans.[32] Uheldigvis vart dette andre biblioteket plyndra og brend avseldsjukkane berre 70 år etter det vart skipa. Dette var eit godt døme på ein type bibliotek som vrt bygd opp etter behova og interessene til det litterære samfunnet.[32] Dei siste to biblioteka varmadrasa eller teologiske biblioteket. Nizamiyah vart skipa av persaren Nizam al Mulk, som varvesir for to tidlege seldsjukk-sultanar.[32] Det var i drift sjølv etter den mongolske invasjonen i 1258. Mustansiriyahmadrasa, som var eit særs rikt bibliotek, vart skipa av Al Mustansir, den nest siste abbasidekalifen, som døydde i 1242.[32] Dette vart det siste store biblioteket bygt av kalifane i Bagdad.
Den historiske abbasidemoskeen Al Khulafa i Bagdad.Zumurrud Khaton-grava i Bagdad (bygt i 1202), foto frå 1932.
På 900-talet var innbyggjartalet i byen mellom 1,2millionar[33] og 2millionar.[34] Den raske veksten til Bagdad i dei tidlege åra sakka etter kvart av då det vart problem ikalifatet, og hovudstaden vart mellom anna flytta tilSamarra (i 808–819 og 836–892), dei vestlegaste og austlegaste provinsane gjekk tapt og det var periodar med politisk dominans frå deiiranskebuwayhidane (945–1055) ogseldsjukkane (1055–1135).
Seldsjukkane var ein klan avOghuz-tyrkarar frå Sentral-Asia som konverterte tilsunniislam. I 1040 øydela deighaznavidane, og tok over landområdet deira i 1055.Tughril Beg, leiaren til seldsjukkane, tok overr Bagdad. Seldsjukkane dreiv ut det sjiamuslimskeBuyid-dynastiet som regjerte på den tida og tok over makta og kontrollen i Bagdad. Dei regjerte somsultanar i namnet til abbasidekalifane (dei rekna seg sjølv som ein del av abbasideregimet). Tughril Beg rekna seg sjølv som vernar av abbasidekalifane.[35]
Krigar som Bagdad var involverte i er oppført under:
I 1058 vart Bagdad erobra avfatimidane under den tyrkiske generalenAbu'l-Ḥārith Arslān al-Basasiri, som var tilsluttaismailiane i lag med 'Uqaylid Quraysh.[36] Ikkje lenge før saldsjukkane kom til Bagdad, bad al-Basasiri om støtte hos fatimidane og imam-kalifenal-Mustansir for å erobre Bagdad på vegner av den ismailske imamen. Det har i nyare tid vorte kjend at den kjende fatimide-da'i-en,al-Mu'ayyad al-Shirazi, hadde ei direkte rolle i støtta til al-Basasiri og hjelpte generalen med å taMawṣil,Wāsit ogKufa. Kort tid eter,[37] i desember 1058, vart ein sjia-adhān (ein bønekallar) sett inn i Bagdad og einkhutbah (preike) vart levert i namnet til imam-kalifen frå fatimidane.[37] Trass i sjia-hellinga fekk Al-Basasiri støtte frå både sunniar og sjiaer, som stod saman mot makta til seldsjukkane.[38]
Mongolane erobrar Bagdad i 1258.
Den 10. februar 1258 vart Bagdad erobra avmongolane leia avHulegu, eit barnebarn avDjengis-khan, underkringsetjinga av Bagdad.[39] Mange kvarter brende ned, vart plynda eller kringsette. Mongolane massakrerte dei fleste av innbyggjarane i byen, inkludert kalifenAl-Musta'sim, og øydela store delar av byen.Kanalane ogdikane som utgjorde vatningssystemet til byen vart òg øydelagde. På denne tida vart både kristne og sjiaer tolererte i Bagdad, medan sunniar vart rekna som fiendar.[40] Plyndringa av Bagdad var slutten for abbasidane, eit slag som den islamske sivilisasjonen aldri heilt kom seg frå.
På denne tida vart Bagdad styrt avIlkhanatet, ein utbrytarstat av Mongolriket, som regjerte frå Iran. I 1401 vart Bagdad igjen plyndra av den sentralasiatiske tyrkarenTimur Lenk.[41] Då styrkane hans tok Bagdad, sparte han nesten ingen, og gav ordre om at kvar av soldatane hans skulle bringe han to avkappa hovud.[42] Bagdad vart ein provinshovudstad kontrollert av den mongolskeJalayirid (1400–1411), tyrkarenKara Koyunlu (1411–1469), tyrkarenAk Koyunlu (1469–1508), og dynastia til dei persiskesafavidane (1508–1534).
I 1534 vart Bagdad erobra avosmanske tyrkarar. Underosmanarane heldt Bagdad fram nedgangstida, dels på grunn av fiendskap mellom herskarane her og dei iranske safavidane, som ikkje aksepterte at sunniar hadde kontroll over byen.Mellom 1623 og 1638 var byen under iransk styre før han kom attende til osmanarane.
Bagdad har fleire gonger lide under epidemiar avpest ogkolera,[43] og stundom har to tredjedelar av innbyggjarane blitt utsletta.[44]
I ei tid var Bagdad den største byen i Midtausten. Byen fekk eit lite oppsving i slutten av 1700-talet under eitmamelukkstyre. Direkte osmansk styre vart sett inn att avAli Rıza Pasha i 1831. Frå 1851 til 1852 og frå 1861 til 1867 vart Bagdad styrt, under Det osmanske riket avMehmed Namık Pasha.[45]Nuttall Encyclopedia rapporterte i 1907 at folketalet i Bagdad var 185000.
Bagdad og sørlege Irak var under osmansk styre til 1917, då området vart erobra av britiske styrkar under fyrste verdskrigen. In 1920 vart Bagdad hovudstad idet britiske mandatet for Mesopotamia og etter det fekk sjølvstende i 1932, vart det hovudstad iKongedømet Irak. Folketalet i byen voks frå kring 145000 i 1900 til 580000 i 1950. Under mandatet og utgjorde det jødiske samfunnet kring ein fjerdedel av folketalet i byen.[46]
1. april 1941 utførte medlemmar av «Det gyldne kvadratet» ogRashid Ali eiteit statskupp i Bagdad. Rashid Ali sette inn ei pro-tysk og pro-italiensk regjering som erstatta den pro-britiske regjeringa til regentenAbdul Ilah. Den 31. mai, etter den påfølgjandeengelsk-irakiske krigen og etter Rashid Ali og regjeringa hans flykta, overgav borgarmeisteren i Bagddad byen til styrkanee til britane og samveldet.
I 1970-åra opplevde Bagdad ei velstandstid og vekst på grunn av ein skarp auke i oljeprise, som var hovudeksportvaren til Irak. Ny infrastruktur, inkludert moderne kloakkanlegg, vatn og motorvegar vart bygde på denne tida. Byplanane for byen (1967, 1973) vart leverte til det polske planleggingsselskapet Miastoprojekt-Kraków, via Polservice.[47]Den iransk-irakiske krigen i 1980-åra vart ei vanskeleg tid for byen, sidan pengar vart avleid avSaddam Hussein til hæren og tusenvis av innbyggjarar i byen vart drepne. Iran sendte ei rekkje missilåtak mot Bagdad som hemn for at Saddam Hussein stadig bomba bustadomåde iTehran.
I 1991 og 2003 førteGolfkrigen oginvasjonen av Irak i 2003 til store øydeleggingar på infrastrukturen i Bagdad då USA-leia koalisjonsstyrkar utførte mange luftåtak på byen i dei to krigane. I 2003 skapte òg eit mindre opprør i byen til uro i folkesetnaden.
Det historiske «Assyriske kvarteret» i byen, Dora, hadde eit folketal på kring 150000 assyrarar i 2003 og utgjorde over 3% av den assyriske folkesetnaden i byen. Samfunnet har vore utsett for kidnappingar, dødstrugslar, vandalisme og husbrenning avAlqaida og andre opprørsgrupper. Mot slutten av 2014 var det berre 1500 assyrarar att i Dora.[48]
Turistmål i Bagdad er mellom andreNasjonalmuseet i Irak, som mista prislause samlingar under invasjonen i 2003, og dei ikoniske bogane kalla Sigershendene. Tusenvis av eldgamle manuskript i Nasjonalbiblioteket vart øydelagde under regjeringstida til Saddam Hussein.
Mutanabbigata ligg nær gamlebyen i Bagdad. Det er det historiske senteret for bokhandlarar i Bagdad.[49]
Dyreparken i Bagdad brukte å vere den største iMidtausten. Åtte dagar etter invasjonen i 2003 starta, hadde berre 35 av 650 dyr overlevd. Mange av dyra vart drepne for å etast.[50][51]
Byen ligg på ei stor slette somTigris renn over. Tigris deler Bagdad i to, der den austlege halvdelen vert kalla «Risafa» og den vestlege halvdelen «Karkh». Landområdet som byen ligg på er nesten heilt flatt og lågtliggjande, skapt av mange elveflaumar som over tid har lagt frå seg avleiringar.
Bagdad har eit subtropiskørkenklima (Köppen si klimaklassifisering:BWh) og er ein av dei varmaste byane i verda. Om sommaren frå juni til august er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen 44°C med steikande sol. Ein har berre registrert regn på denne tida nokre få gonger og aldri meir enn 1–2mm. Sjølv på natta går temperaturen sjeldan under 24°C. Den høgaste temperaturen som er målt i Bagdad er 51°C, frå juli 2015.[57] Luftfukta er som regel særs låg (under 10%) fordi Bagdad ligg eit stykke unna det myrlendte, sørlege Irak og kysten avPersiabukta, ogsandstormar frå ørkenane i vest er vanlege om sommaren.
Vintrane er milde med kjølige netter. Frå desember til februar har Bagdad ein maksimumstemperatur på 15,5 til 18,5°C. Om morgonen kan det vere kjøleg og i januar er minimumstemperaturen 3,8°C, men det kan oppstå frost nokre gonger i året.[58]
Årsnedbøren, der nesten all nedbør kjem frå november til mars, er kring 150mm, men har variert frå 338mm på det meste til berre 37mm det tørraste året.[59] Den 11. januar 2008 fall det lett snø over Bagdad for første gong i manns minne.[60]
Administrativt er Bagdad guvernement delt inn i distrikt som igjen er delt inn iunderdistrikt. Guvernementet er delt inn i ni kommunar, som har lokalt ansvar.
Bagdad hadde eit estimert folketal på 7,22 millionar innbyggjarar i 2015. Byen har historisk sett hatt ein sunnimuslimsk majoritet. Kring 2000 utgjorde 82% av folketalet sjiamuslimar.
123456Duri, A.A. (2012).«Bag̲h̲dād». I P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel, W.P. Heinrichs.Encyclopaedia of Islam (2nd utg.). Brill.(krev abonnement (help)).
↑Le Strange, G. (n.d.). [...] The Persian hamlet of Bagdad, at the Western bank of the Tigris, and just above where Sarat canal flowed in, was ultimately fixed upon [...]. In Bagdad during Abbasids (p. 9).
12345Mackensen, Ruth Stellhorn . (1932). Four Great Libraries of Medieval Bagdad.The Library Quarterly: Information, Community, Policy, Vol. 2, No. 3 (July 1932), s. 279-299. University of Chicago Press.
↑Trudy Ring, Robert M. Salkin, K. A. Berney, Paul E. Schellinger (1996). «International dictionary of historic places, Volume 4: Middle East and Africa».Taylor and Francis: 116.
↑Cetinsaya, Gokhan.Ottoman Administration i Irak, 1890–1908. London and New York: Routledge, 2006.
↑Edmund A. Ghareeb; Beth Dougherty (18. mars 2004).Historical Dictionary i Irak. Scarecrow Press. s.125.ISBN978-0-8108-6568-6. «Jews represented 2.5 percent of 'Iraq's population and 25 percent of Baghdad's.»
↑Stanek, L., Miastoprojekt goes abroad: the transfer of architectural labour from socialist Poland to Iraq (1958–1989), The Journal of Architecture, Volume 17, Issue 3, 2012
↑Anthony, Lawrence; Spence Grayham (3. juni 2007).Babylon's Ark; The Incredible Wartime Rescue of the Bagdad Zoo. Thomas Dunne Books.ISBN0-312-35832-6.