Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bagasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ski sende som reisegods av NSB i 1964
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum

Bagasje,ferdagogds,reisegogds, elleroppakning er utstyr og eigedelar ein har med seg på reise. Dette kan ein antenbera med seg ellerlastakløvdyr ellerfargreier.

Det finst ulike innretningar til å pakka bagasje i, somveske,ryggsekk,kløv,meis,koffert ogreisekiste. Ein kan også flytta bagasje ved hjelp avtraller,bagasjeband og ulike køyretøy. Transportmiddel kan ha særskilde stader å oppbevara bagasje på, som bagasjerom på bil, bagasjehylle på tog eller lasterom på fly.

Ordet bagasje kjem frå franskbagage og opphavleg frågammalprovençalsk.[1] Det er avleidd frå mellomalderlatinbaga, 'sekk'.I overført tyding kan bagasje visa til kvalifikasjonar eller livserfaringar.[2]Kvart einskild stykke reisegods kan ein kallakolli (fleirtal av italienskcollo, 'nakkebør'.[3]

Bagasjereglar

[endre |endre wikiteksten]

Vedflyging finst det ulike reglar for bagasje knytte til vekt, storleik og innhald. Kvar passasjer har gjerne ein viss vektkvote for kor mykje dei kan ta med seg. I tillegg finst det maksgrenser for kvart kolli. Handbagasje og send bagasje har ulike reglar for storleik. Farleg materiale som gassar, våpen og sprengbart materiale er heller ikkje lov å ha med seg i bagasjen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «bagasje» iNynorskordboka.
  2. «bagasje - Det Norske Akademis ordbok»,www.naob.no (på norsk), henta 27. oktober 2019 
  3. «kolli» iNynorskordboka.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bagasje&oldid=3174371»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp