Marko Purišić (fødd5. juli1995 iRijeka), kjend under artistnamnetBaby Lasagna, er einkroatisk songar, låtskrivar ogmusikkprodusent. Han representerteKroatia iEurovision Song Contest 2024 med songen «Rim Tim Tagi Dim», der han enda på andreplass samanlagd med 547 poeng. Songen vann sjåaravrøystinga og blei nummer tre i juryavrøystinga. Dette var det beste resultatet til Kroatia i Eurovision Song Contest sidan debuten som sjølvstendig nasjon i1993.
Marko Purišić blei fødd 5. juli 1995 iRijeka iKroatia og vaks opp iUmag[1].[2] Han har ein yngre bror som heiter Martin, som også er musikar og opptredde som medlem av gruppa Mono Inc. fram til juni 2024.[3][4]
Purišić kjem frå ein familie der mora og fleire andre familiemedlemmar jobbar som lærarar. Artisten har uttalt at han mest sannsynleg også ville blitt lærar dersom han ikkje hadde bestemt seg for å satse på ein musikalsk karriere i staden.[5] Derimot jobba han som assistent ved ein barneskule i eit år, før han byrja å studere PR ved VERN-universitetet iZagreb.[5] Purišić hadde tidlegare studert turisme i Buje oglydteknikk iLjubljana.[5] Han studerte også multimedia ved Universitetet Nord iVaraždin[6].[7]
Frå 2011 til 2016, og frå 2018 til 2022, var Purišić gitarist i den kroatiske rockegruppa Manntra.[8] Bandet deltok i den kroatiske Eurovision-uttakingaDora 2019, og enda på fjerdeplass med låten «In the Shadows».[9] Etter kvart gjekk han over til å satse på ein solokarriere i 2023.[10] Den 21. oktober 2023 gav Purišić ut debutsingelen «IG Boy» underpseudonymet Baby Lasagna gjennom Molly Studios.[11] To månader seinare kom oppfølgjarsingelen «Don't Hate Yourself, But Don't Love Yourself Too Much».[12]
Purišić var blant deltakarane iDora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Rim Tim Tagi Dim».[13] Der tok han seg vidare frå semifinalen 23. februar 2024 og vann til slutt finalen 25. februar.[14] Songen debuterte på nummer 24 på hitlista HR Top 40, den fyrste listeplassering til Purišić i Kroatia.[15] Etter sigeren iDora gjekk songen til topps på lista og nådde seinare ein andreplass påBillboards Croatia Songs.[16]
Den 23. mars var Purišić programleiar for musikkprisutdelinga Porin Awards.[17] I april avslørte Purišić at Kroatisk radio og televisjon (HRT) var i gong med å lage ein TV-dokumentar om livet hans og reisa til Eurovision, som skulle sendast før semifinaleframsyninga hans 7. mai.[18] Han avanserte frå semifinalen og vann telefonavrøystinga under finalen laurdag 11. mai. Han blei nummer tre hos juryane og enda samanlagd på ein andreplass, bak sveitsiskeNemo og songen «The Code».
Den 15. mai selde Purišić ut tre konsertar på ŠRC Šalata, planlagde til 12.–14. september, i løpet av få minutt.[19] Han opptredde også på Sea Star Festival i heimbyen Umag 25. mai.[20]
I 2022 var Purišić ein viktig bidragsytar gjennom å skrive fleire songar på det tolvte studioalbumet til Mono Inc.,Ravenblack . Dette bidrog til albumets suksess då det nådde fyrsteplassen i Tyskland, den høgaste plasseringa til rockegruppa hittil.[21] Fleire av songene Purišić skreiv, blei gjevne ut som singlar, blant andre «Princess of the Night», «Empire», «Heartbeat of the Dead», «Lieb mich» og «At the End of the Rainbow».[22]
Baby Lasagna under semifinaleprøvane i Eurovision Song Contest 2024.
Purišić kom på artistnamnet sitt i eineureka-augneblink under ein handletur i Novigrad.[23][24] Ein journalist i N1 Hrvatska, Bruno Šlat, skildra scenestilen til Purišić som «nokre gongargoth, og nokre gongar eiemo-nytolking avMattel si berømte Ken-dokke».[25]
Purišić nemndeRammstein, Twenty One Pilots, Electric Callboy og Tonči & Madre Badessa som sine musikalske førebilete.[26][27][28] Musikken hans er blitt skildra som ei blanding avpop-punk,techno,metal oghouse.[29][30][31] Den musikalske stilen til Purišić er ein sjølvbiografisk historiefortekling, og tek for seg hans personlege erfaringar, samstundes som han tek opp breiare samfunnsspørsmål, spesielt dei som påvirkar heimlandet hans.[32][33] Blant dei klaraste eksempla på dette er «Rim Tim Tagi Dim», som skildrar ein ung gut si reise frå Kroatia på jakt etter ei lysare framtid i eit anna land.[32]
Purišić erkatolikk. I eit intervju medBitno.net nemnde hanPadre Pio ogapostelen Paulus som sine andelege førebilete.[34] Han er trulova med Elizabeta Ružić, som oppmuntra han til å starte ein solokarriere.[35]