Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Baba Jaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baba Jaga, slik den russiske biletkunstnarenIvan Bilibin meinte ho ser ut når ho fer ikring i mortaren sin.
Baba Jagas hytte, teikna av Ivan Bilibin.

Baba Jaga (pårussisk: Баба-Яга) er ei kvinneliknande framtoning som er kjent frå ei stor mengdrussiske ogpolskefolkeeventyr, og som ein reknar med har opphav i førkristenslaviskmytologi. Eit viktig drag ved ho er at ho skil seg frå dei menneskelege kvinnene ved aldri å ha skaut på hovudet, og dette var ei særs skandaløs framferd i dei slaviske bondesamfunna i gamal tid. I dei fleste av eventyra er ho skildra som ei brutal og forferdeleg gamal kvinne, eiheks som ynskjer å ete menneske, framfor alt born. I eventyretVillgjæsene ellerGåse-svanene (russiske Гуси-лебеди), nytter ho seg av gjæs for å bortføre smågutar for å kunne ete dei. Lukkelegvis vert desse borna redda av systera til Baba Jaga, som kom til staden i rett tid og fekk hjelp av eit epletre, ein omn og ei elv. Men det finst òg eventyr som skildrar Baba Jaga sjølv som ein god hjelpar, ei som er gjestmild andsynes ein vanlegvis sterk og vakker ung mann, og gjev han nyttige råd.

Baba Jaga vert ofte framstilt med eit einaste bein i staden for dei to som menneska har. Ho bur i ei dør- og vindaugelaus hytte som står på hønseføter langt inne i dei djupe skogane, og ho kan få hytta til å løpe på desse føtene. Dessutan har ho evna til å reise gjennom lufta i einmortar som ho ror fram med støytaren medan ho sletter ut spora etter seg med ei sopelime. Ofte varslar ein uvêrsstorm at ho er i kjømda. Ho er òg i stand til å knekke store tre og eta dei.

Somme eventyr handlar om ikkje berre ei Baba Jaga, men fleire; dei kan til dømes vere tre systrer som bur eit stykke veg frå kvarandre. I nokre eventyr har Baba Jaga ei eller fleire døtrer som kan vere snille eller fulle av vondskap.

Klassiske komposisjonar inspirert av Baba Jaga-eventyra

[endre |endre wikiteksten]
  • Modest Musorgskij har i komposisjonenBilete på ei utstilling frå 1874 ein bolk, einscherzo, som har som tema Baba Jaga og hytta hennar på hønseføter.
  • Pjotr Tsjajkovskij har òg Baba Jaga som tema i eit stykke kallaHeksa (Baba Jaga) i hansAlbum for born (opus 39) frå 1878.
  • Anatolij Ljadov (Анато́лий Константи́нович Ля́дов, 11. mai 1855-28. august 1914), er likeeins ein russisk komponist som har gjort seg nytte av eventyra om Baba Jaga, i komposisjonenBaba Jaga (opus 56) frå 1903-1904.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Baba Jaga
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Baba_Jaga&oldid=3332523»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp