Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

BSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BSD

Utviklar(ar)University of California, Berkeley
Utgjeve1977
Nyaste versjon4.4-Lite2(juni 1995)[1]
Skrevet iC
Bygger påForsknings-Unix
LisensBSD-lisensen
FøregangarUnix
Etterfølgjar386BSD[1]

BSD er ei populær nemning på ei rekkje frie og ufrie operativsystem. BSD står forBerkeley Software Distribution, og er ein versjon avUnix-kjeldekoden som vart utvikla ved Berkeley-universitetet iCalifornia iUSA. Sjølv om BSD-system held marginale brukarmassar på skrivebordsmarknaden, er dei mellom dei viktaste tenarsystema, og BSD-teknologi ligg til grunn forMac OS X.

Variantar

[endre |endre wikiteksten]

Dei viktigaste frie BSD-variantane erFreeBSD,OpenBSD ogNetBSD, som byggjer på versjon 4.4 av BSD-koden. Desse er har ISC- og BSD-lisensar, noko som tillèt dei som vil bruka kjeldekoden å gjera om lag kva dei vil, derimellom å lukka kjeldekoden til produkt som baserer seg på den lånte koden. Døme på at dette har vorte gjort, erTCP/IP-implementasjonen iMicrosoft Windows-operativsystema. Mac OS X låner mange komponentar frå FreeBSD og 4.3-BSD, men kjernen i systemet ermikrokjernenXNU. Sun Microsystem sitt operativsystemSolaris byggjer på versjon 4.3 av den opphavlege BSD-koden.BSD/OS er ein kommersiell BSD-variant som ikkje vert utvikla lenger, men som er populær i tenarmarknaden.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1http://bxr.su/f/share/misc/bsd-family-tree.
BSD-versjonar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=BSD&oldid=3498764»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp