Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Avellino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avellino
by
Gamlebyen
Land Italia
RegionCampania
ProvinsAvellino
Areal30,55 km²
Folketal 52 198  (1. januar 2023)
BorgarmeisterGiuseppe Galasso
Postnummer83100
Retningsnummer0825
Kart
Avellino
40°54′55″N14°47′23″E / 40.915277777778°N 14.789722222222°E /40.915277777778; 14.789722222222
Wikimedia Commons: Avellino

Avellino er ein by sør iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Avellino iregionenCampania og har om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg på ei slette omgjeve av fjell om lag 42 km nordaust forNapoli og er ein viktig stoppestad på vegen mellomSalerno tilBenevento.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Før romarane erobra området var den antikke byenAbellinum var eit senter for densamnittiske stammaHirpini.

Byen vart kristna rundt år 500 e.Kr. og vart eit bispesete. Bådegotarar ogvandalar invaderte området i tida etter før Avellino vart eit senter forlangobardane med ei borg på åsen Terra. Tidleg i mellomalderen var byen ein del avhertugdømet Benevento, som seinare vart fyrstedøme, og etter Benevento fall, fyrstedømet Salerno.

I1100, undernormannarane sitt styre i Sør-Italia, kom byen inn underRiccardo dell'Aquila. Seinare gav kongKarl I av Anjou byen tilMontfort-familien, som vart etterfylgt avDel Balzo- ogFilangieri-familiane fråHuset Candia.

Dei føydale rettane til Avellino vart i1581 kjøpt av DonMarino I Caracciolo, hertug avAtripalda, av ein aristokratfamilie i Napoli, som vart fyrstar av Avellino i1589. Avellino vart hovudsetet for Caracciolo-familien. Don Marino sin son og soneson vart begge Storkanslar av Kongedømet Napolig og Grand Chancellor of the Kingdom of Naples and riddarar iOrdenen av Det gylne skinnet. Don Marino II (1587-1630) vernaGiambattista Basile, forfattar avPentamerone.

I1820 sprang det ut fleire revolusjonsopprør frå Avellino, mensamlinga av Italia om lag 50 år seinare førte ikkje til fordelar for byen, som ikkje vart tatt med på hovudjernbanelinja mellom Napoli,Benevento ogFoggia.

I 1943 vart byen bomba av allierte fly i eit forsøk på å avskjere dei tilbaketrekkande tyske panserstyrkane over den viktige Ferriera-brua.

Avellino har fleire gonger vorte råka avjordskjelv gjennom historia og vart mellom anna hardt råka 23. november 1980 og 14. februar 1981.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Avellino
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Avellino&oldid=3564818»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp