Australia er eitland iOseania som ligg sør forIndonesia ogPapua Ny-Guinea. Det er det sjette største landet i verda i areal, og vert òg rekna som eitkontinent. Det bur litt meir enn 20 millionar innbyggjarar i Australia. Den største delen av desse bur i dei store byane som til dømesSydney,Melbourne,Brisbane,Perth ogAdelaide, trass i atlandbruk er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til landet.
Namnet «Australia» kjem av detlatinske ordetaustralis, som tydersørleg. Legender om eit ukjent sørleg land,Terra Australis, sirkulerte allereie underRomarriket, og var vanlege i geografien imellomalderen, men dei var ikkje baserte på noko faktisk kunnskap om kontinentet. Det nederlandske adjektivetaustralische, i tydingasørleg, vart fyrst brukt av nederlandske politikarar iBatavia som referanse til det nyoppdaga landet i sør, så tidleg som i 1638. Den fyrste engelske skribenten som brukte ordet «Australia» varAlexander Dalrymple iAn Historical Collection of Voyages and Discoveries in the South Pacific Ocean, som vart utgjeve i 1771. Med omgrepet meinte han då heilde det sørlegeStillehavsområdet, og ikkje berrekontinentet som heiter Australia i dag. I 1793 gavGeorge Shaw ogJames Edward Smith ut bokaZoology and Botany of New Holland, der dei skreiv om «den storeøya, eller eigentleg kontinentet, Australia, Australasia ellerNy-Holland».
Namnet «Australia» vart popularisert i bokaA Voyage to Terra Australis avMatthew Flinders (1814). GuvernørLachlan Macquarie avNew South Wales brukte sidan ordet i rapportane sine til England. I 1817 tilrådde han å gjere namnet offisielt, og i 1824 gjekk framlegget gjennom.
Ein trur at dei fyrste innbyggjarane i Australia kom fråIndonesia for meir enn 50000 år sidan og spreidde seg ut over heile kontinentet. Den fyrste europearen som at utforska litt av Australia var sannsynlegvis den spanske kapteinenLuis Vaez de Torres, som segla gjennomsundet, som ligg mellom Australia og Ny-Guinea. Dette heiter noTorressundet.
Kontinentet vart oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisandeWillem Janszoon i 1606, men eigentlege ekspedisjonar til kontinentet vart ikkje byrja før på 1700-talet. I 1770 gjekk den britiske kapteinenJames Cook i land i nærleiken av det noverandeSydney og tok den austlege 2/3-delen av kontinentet iStorbritannia sitt eige. I 1788 byrja Australia si tid som straffekoloni, og dette heldt fram til 1868. Etter 1850 fann ei stor innvandring av britar stad.
På 1800-talet vart dei seks delane av Australia styrte somkronkoloniar.New South Wales var den fyrste kolonien i Australia som fekk ei viss grad av sjølvstyre, i 1823, og som i 1855 fekk si eiga grunnlov. I 1859 hadde alle koloniane/områda, bortsett fråWestern Australia sjølvstyre. 1. januar 1901 vart det australske statsforbundet grunnlagt, og landet vart ein sjølvstyrande dominion idet britiske samveldet.
Australia er det tørraste folkesette kontinentet, det flataste, og det som har den eldste og minst fruktbare jorda. Berre det søraustlege hjørnet av kontinentet har eittemperert klima, og mesteparten av folkesetnaden bur langs den tempererte ogsubtropiske kysten i søraust. Den nordlege delen av landet har eittropisk klima, og vegetasjon medregnskog,skog,slettelandskap,mangrovesumpar, ogørken. Klimaet er sterkt påverka avhavstraumar, og spesieltEl Niño-fenomenet som fører til periodisktørke, og tropiske lågtrykkssystem som lagarsyklonar i det nordlege Australia.
Klimaet i Australia varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her harGreat Dividing Range mykje å sei for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kallaOutback. Det meste av Outback kan kallastørken, men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundomtropiske lågtrykk passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar.Alice Springs, som ligg midt i Outback, fekk 205mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!
I skogen i Australia
Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i fråTasmania, og vêret er nesten maritimt medregn ellersnø om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda motBass-sundet og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr ogregn ellersnø om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiskemonsunen kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.
Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen somtropiske syklonar ogEl Niño-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medanLa Niña kan føre tilflaum. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område iNew South Wales vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.