Aust (øst ellerost vert òg nytta til tider) er ei av dei firehimmelretningane,kompassretningane ellerverdshjørna og kan forkortast med ein av bokstavaneA (nynorsk),Ø (bokmål og dansk),O (Tidlegare stava ein ordetost) ellerE (engelsk). Ho er motsett avvest og har rette vinklar tilnord ogsør. Ordet aust er i slekt med deilatinske ordaaurora (morgonraude) ogaurum (gull) som ein referanse tilsoloppgangen.
Aust er retninga jorda roterer om sin eigen akse. Difor er det òg i den retninga at ein ser soloppgangen på eit avjamdøgera (vårjamdøgn ellerhaustjamdøgn), eller heile året om ein er påekvator. Ein annan konsekvens er at det er den føretrekte retninga for romutskytningar, grunna innsparingar pådelta v.
Dersom ein dreg rett aust, fylgjer ein einbreiddegradssirkel, som dersom ein ser vekk frå ekvator, ikkje er einstorsirkel.
- På kompasset er aust gitt ved retninga 90grader eller 100gon
- På ein flyplass vil ei austvendt landingsbane ha nummer 09 etter kursen til det landande flyet (090°)
- Dersom ein er vendt nord, er aust tilhøgre
Kyrkjene har som regelkoret vendt mot aust, og mange ynskjer å gravleggjast slik at kista sin hovudende er vendt mot det som er rekna som den heilage retninga, aust.
Tradisjonelt har ein nytta ordetØsten om den delen av verda som er aust forEuropa, med andre ordAsia.Midt-Austen er den delen av Asia som er nærast og er hovudsakleg landa hitomIndia.Fjerne austen er landa lengst aust i Asia, hovudsaklegKina,Japan ogKorea.
I Europa erAust-Europa ofte rekna som dei landa som låg bakjernteppet.
IUSA erAustkysten eit namn på dei statane som ligg langs den austlege kysten.
INoreg erAustlandet ein av dei fem landsdelane.