Pierre-Auguste Renoir, (25. februar1841–3. desember1919) var einfransk målar ogskulptør. Han vert rekna mellom dei fremste av deiimpresjonistiske kunstnarane. Renoir er særleg kjend for sine motiv med unge kvinner, barn, blomar og landskap. Mellom dei aller mest kjende verka erLe Moulin de la Galette,Teaterlosjen ogLa Grenoullière.
Renoir var fødd iLimoges, og byrja somporselensmålar. 1862–64 gjekk han på École des Beaux-Arts i Paris. På denne tida trefte hanCamille Pissarro,Alfred Sisley og seinareClaude Monet, og måla saman med dei to siste ved La Grenouillere og iArgenteuil. 1867–69 måla han ofte saman med Monet iParis, dei første impresjonistiske landskapsbileta hans er frå denne tida.
Etter den tysk-franske krigen 1870–71 vart han interessert iEugène Delacroix sin kunst. Hans interesse forÉdouard Manet sine samtidsskildringar kom til uttrykk i fleire bilete, til dømes iLosjen (1874), som vitnar direkte om påverknad frå Manet. Andre sentrale verk frå denne perioden erLe Moulin de la Galette (1876) ogRoarane et frukost (1881).
I 1881 drog han tilAlgerie og så tilItalia, der han særleg interesserte seg forRafael. Ein finn i denne perioden spor etter hans interesse for klassisisme; linja fekk større betydning, konturen større vekt. På vegen heim til Frankrike møtte hanPaul Cézanne og måla ved l'Estaque. I denne såkalla «Ingreske» perioden skapte han verk somLes Grandes Baigneuses (1884–87) og i 1885Etter badet, det siste er i Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo si eige. I slutten av 1880-åra gjekk han atter tilbake til ei meir målerisk form, med ein rikare, ofte raudtona koloritt.
Renoir vart råka av leddgikt og oppheldt seg mykje i Sør-Frankrike; i 1903 slo han seg ned iCagnes-sur-Mer på Rivieraen og budde der livet ut. Kunsten hans gjekk over i ein ny fase, koloritten vart lysare, konturen meir oppløyst, og motiva endå meir solfylte enn tidlegare. Borna hans og hushjelpa Gabrielle var ofte modellane hans i denne perioden.
Sjukdommen forverra seg, og etter 1912 kunne han ikkje lenger bruke føter og hender. Han heldt likevel fram å måle, med penselen bunden til arma. Frå 1907 arbeidde Renoir også med skulptur og keramikk. Frå rullestolen skapte han i 1916 skulpturenDen sigrande Afrodite og relieffetDommen over Paris, italienaren Guino stod for modelleringa. Både skulpturen og relieffet er i samlingane til Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo.