Attikí var tidlegare ein del av periferienSentral-Hellas, men vart skild ut som eigen periferi i 1987. Han grensar mot Sentral-Hellas i nord og motPeloponnes i vest og sør.
Attikí er ei halvøy som stikk ut iEgearhavet. Av fjell finn einYmittós, dei austlege delane avJeránia,Párnitha,Egáleo ogPendéli. Dei deler halvøya inn i slettene Mesójia og Thriásio Pedío. I nord grensar Attikí tilViotíasletta og i vest tilKorint.Saroniabukta ligg i sør og øyaÉvvia ligg utanfor nordkysten. Aten sitt eldste vassreservoar,Marathonsjøen, ligg om lag 40 km nordaust for byen, og opna i 1920-åra. Sidan den gong har reservoaret vore den største innsjøen i Attikí. Skogar dekkjer områda rundt Párnitha, Ymittós og på åsane og i fjella i nordaust og nord, bortsett frå dei høgaste toppane. Fjella i vest og sør er hovudsakleg graskledd eller berre, men ein kan òg finne noko skog her.
Kifisós er den lengste elva ogPárnitha det høgaste fjellet i Attikí. Periferien har parkområde i Ymittós-, Pendéli- og Párnithafjella og i dei sørlege områda av halvøya.
I følgjePlaton var Attikí i antikken avgrensa avKorinteidet i sørvest, og nordover strakk ho seg til fjellaKitherónas ogPárnitha. Grensa herfrå mot sjøen hadde områdetOropós til høgre og elvaAsopós til venstre.
Attikí har eit typiskmiddelhavsklima med varme og tørre somrar og generelt lite nedbør. Den årlege nedbørsnormalen varierer frå 370 mm til over 1 000 mm. Vintrane er generelt milde i lågtliggande område nær sjøen, men er meir kjølige i fjella. Snø kan stundom falle i Attikí og skape kaos, som i januar 2002, februar 2004 og januar 2006. Den lågaste temperaturen som er målt i området er -10,4 °C i Votanikós i Aten, medan den høgaste temperaturen som er målt vart målt ved flyplassen Tatói og var på 48,7 °C.Skogbrannar ogflaum er vanleg.