Aten, ellerAthen, (gresk ΑθήναAthína) erhovudstaden iHellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas med om lag 2650000 innbyggjarar i byområdet, medan storbyområdet (Athen ogPireus) har rundt 3100000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega avtrafikkproblem ogluftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. største storbyområdet iEuropa. Storbyområdet er eit økonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er òg vorte eit handelssenter iEU. Sjølve byen har eit areal på 39km², medan storbyområdet har eit areal på 412km².
Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad forPlaton sittakademi ogAristoteles sittLykeion. Aten var òg fødestad forSokrates,Perikles,Sofokles og mange andre framståande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kallavogga tilden vestlege siviliasjonen[2] og fødestaden tildemokratiet,[3] hovudsakleg på grunn av det atenarane oppnådde kulturelt og politisk på 400- og 300-talet f.Kr.[4]
Arva frå antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sjå på dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle erParthenon påAkropolis, som står som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld òg mange monument frå romersk og austeromersk tid.
Dei eldste spora av menneske i Aten er fråyngre steinalder. Ibronsealderen oppstod eit meir organisert samfunn, ein del av denmykenske palasskulturen. Etter denne kulturen fall omkring 1200 f.Kr. følgde den mørke tidsalderen (om lag 1200 til 900 f.Kr). Det er frå denne perioden ein del spor etter aktivitet i Aten, men det ser ikkje ut til å ha vore eit samfunn som var organisert i noko særleg grad.
Byen byrja å vekse rundt 900 f.Kr. Fram til omkring 640 f.Kr. var Aten eit kongedøme med ei aristokratisk styreform. Atenarane la under segAttika i denne perioden. Medan alle greske bystatar hadde kontroll over eit område rundt sjølve byen, skil Aten seg ut med eit særs stort territorium. UndertyrannenPeisistratos byrja byen å markere seg som eit sentrum for kunsthandverk og arkitektur.
Sidan558 f.Kr. haddepersarane drive ein gradvis ekspansjon. Persiske styrkar kom til det greske fastlandet i490 f.Kr.. I løpet av krigen vart Aten omleira, og måtte evakuerast to gonger, men i479 f.Kr. vart persarane slått vedPlataiai, og gav opp forsøket på å erobreHellas.
Aten hadde vorte den dominerande bystaten i Hellas, noko som skapte uro iSparta. Krigane mellom dei enda til slutt med Aten sitt nederlag, og dåFilip II av Makedonia ekspanderte inn i Hellas, hadde ikkje atenarane sjans til å stå imot. Byen var i hans kontroll, og son hans,Aleksander den store, styrkte denne kontrollen.
Aten heldt fram å vere ein viktig by òg i hellenistisk tid, men var ikkje lenger ein sjølvstendig stat. Byen vart leiande på kultur og utdanning, og dei filosofiske skulane tiltrekte seg studentar frå store delar av den greske verda - og etter kvart òg denromerske.
Hellas vart innlemma iRomarriket i86 f.Kr.. Aten fekk enno mindre påverknad politisk sett, men vart viktig som utdanningssenter.Paulus reiste mellom anna til Aten for å forkynnekristendommen, ogHellas vart eit av dei første områda Romarriket som tok til seg den nye trua. Dette markerer byrjinga på slutten for Aten som utdanningssenter, men det var ikkje før under keisarJustinian at det vart stengt, i 529.
Aten var iaustromersk tid berre ein provinsby. Mange av kunstverka i byen vart flytta tilKonstantinopel, og han vart plyndra fleire gonger utan å ha sjans til å stå imot. Frå1204 til1458 kjempa austromarane motfranske ogitalienske riddarar om kontroll over Aten og andre greske byar. Den franske La Roche-familien fekk tittelenHertug av Aten. På1300-talet herska katalanske og sicilianske adelsmenn i Aten.
Det osmanske riket erobra Aten i1458. Dei gjorde mykje for å bevare dei antikke bygningane i byen, men nokre endringar vart gjort -Parthenon vart gjort om tilmoske. På 1600-talet gjekkvenetianarane til åtak på byen, og i1687 vartParthenon øydelagd då ei kanonkule trefte eit ammunisjonslager i det gamle tempelet. Mykje av det som stod igjen etter stridane vart nytta som bygningsmateriale. Året etter sette tyrkarane byen i brann, og i1778 bygde dei ein bymur av restar frå antikke monument.
Greske opprørarar erobra Aten i1822 underden greske sjølvstendekrigen, men tyrkarane tok han tilbake i1826. Dei heldt han til1833, då dei måtte gje tapt for grekarane. Aten vart då hovudstad forHellas. Byen var på det tidspunktet ikkje så mykje meir enn ei husklynge nedanforAkropolis, der bydelen Plaka ligg i dag.
Stor-Aten har eit folketal på om lag 3,1 millionar, nesten ein tredjedel av folketalet i heile Hellas. Byen voks sterkt etterden andre verdskrigen, særleg fram til om lag1980. Dette har medført stor forureining, eit problem som i dei seinare åra har ført til store investeringar i infrastruktur. Spesielt mykje vart gjort etter1996, då Aten vart tildeltdei olympiske sommarleikane i 2004. Mykje av midlane til dette kom fråEU. Forureininga vart òg verre på grunn av klimaet, dåtemperaturinversjonar fører til at utslepp vert liggande som eit lok over byen.
Byen ligg på den sentrale sletta iAttikí, som grensar til fire fjell:Egáleo i vest,Párnitha i nord,Pendéli i nordaust ogYmittós i aust. Mot sørvest liggSaroniabukta. Aten dekkjer i dag heile sletta, og kan i liten grad vekse utover på grunn av desse naturlege grensene.
Grunnen er steinete, og det er lite dyrkbar mark. Byen sitt naturlege og historiske sentrum erAkropolis, og det er i dette området ein òg finn dei eldste spor etter menneske. Det moderne sentrumet erSyntagmaplassen (Grunnlovsplassen), derparlamentet ligg.
HamnebyenPireus var opphavleg ein eigen by, men har vore innlemma i Stor-Aten.
Aten var eit turistmål allereie i antikken. Det er framleis dei antikke monumenta som trekk turistane. Forureininga og trafikkproblema som plagar byen gjer den elles ikkje til det ideelle reisemålet. Mykje har vorte gjort for å betre på dette, mellom anna ein kraftig opprusting av området rundt Akropolis. Store delar av området er no sperra for biltrafikk, noko som òg gjev litt meir vern mot forvitring av marmoren.
Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.
Akropolis medParthenon,Erekhteion og andre klassiske bygningar er dei viktigaste turistmåla. Rett utanfor inngangen liggAreopagos, høgda der Folkedomstolen heldt til. Ved trappa opp på denne høgda står ei bronseplate med utdrag fråApostelgjerningane til minne omPaulus si forkynning i Aten.
Nedanfor Akropolis ligg agoraen i Aten, som var torget i antikken. Dette er i dag eit arkeologisk utgravingsområde. På eit høgdedrag over agoraen liggHefaisteion, som vert rekna det best bevartedorisketempelet i verda.
I nærleiken av Syntagmaplassen liggKallimarmaro stadion. Denne idrettsarenaen er frå antikken, og er særs grundig rekonstruert med tribunar i marmor etter dei originale måla. Det er plass til omkring 60000 tilskodarar. Han har ei anna form enn den ein kan sjå på moderne anlegg - langsidene er langt lengre i forhold til kortsidene. Han vart nytta som hovudarena i dei første moderneolympiske leikane i 1896, men er i dag ikkje egna fordi utøvarane ikkje er vand til dei krappe svingane. Han vart isommar-OL 2004 derfor berre nytta til avslutninga avmaratonøvinga.
Det største museet i Aten er Det nasjonale arkeologiske museet. Her finn ein den største samlinga i verda av antikk gresk kunst. Andre populære museum er Benakimuseet og museet forkykladisk kunst.
Utanom dei antikke leivningane er Plaka den mest populære bydelen. Her finn ein Aten sitt vidkjende loppemarknad, og eit mylder av småbutikkar i dei tronge gatene. Mange av gatene er stengd for biltrafikk. Bydelen Psirri er populær for sine mange utestader.
Ein ny attraksjon i Aten er arenaene etter sommar-OL 2004.
Aten har lenge hatt eitmetrosystem, med ei linje frå byen tilPireus. Metroen har vorte sterkt opprusta og fekk to nye linjer i samband med OL. Som i andre antikke byar har dette vore eit vanskeleg og dyrt arbeid, då ein heile tida støyter på leivningar av antikke bygningar. Ei av linjene går til flyplassen. I tillegg til metro er det både buss og trikk.
Stor-Aten omfattar i dag 40 kommunar,[6] fordelt på 35 i dei fireperiferieininganeSentral-Aten,Nord-Aten,Vest-Aten ogSør-Aten og fem i periferieiningaPireus. Den største er Aten kommune (gresk Δήμος Αθηναίων,Dímos Athinéon) i periferieiningaSentral-Aten, med vel 640000 innbyggjarar.[1] Den nest største er hamnebyenPireus. Kvar av kommunane har ei vald rådsforsamling og ein borgarmeister.