Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Asteroidefamilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjonen viser fordelinga av numererte asteroidar vedinklinasjon versusstore halvakse. Asteroidefamiliane kan sjåast som fortettingar.Kirkwood-gap deler opp asteroidebanane (A, B+C, D, E+F+G).

Einasteroidefamilie er ei gruppe avasteroidar som delerbaneelement, slik somstore halvakse,eksentrisitet ogbanehelling, ogspektrum. Medlemane er tenkte å vera fragment av ein tidlegare asteroidekollisjon.

Generelle eigenskapar

[endre |endre wikiteksten]

Store asteroidefamiliar inneheld fleire hundre av dei kjente asteroidane i tillegg til mange fleire, mindre objekt som enno ikkje har blitt oppdaga, eller som enno ikkje har blitt studert. Små tette familiar kan ha berre ein ti identifiserte medlem. Omtrent 33% til 35 % av asteroidane ihovudbeltet høyrer til i ein familie.

Det finst omtrent 20-30 anerkjente asteroidefamiliar i tillegg til eit titals minde sikre grupperingar. Dei fleste asteroidefamiliane finn ein i hovudbeltet, men fleire familieliknande grupper, slik somPallas-familien,Hungaria-familien ogPhocaea-familien ligg ved mindrestore halvakse eller størreinklinasjon enn hovudbeltet.

Ein familie har blitt føreslege i samband med det storetransneptunske-objektet136108 Haumea. Nokre studie har forsøka å finna bevis for kollisjonsfamiliar blantjupitertrojanane, men så langt finst det ikkje konkluderande slike.

Opphav og utvikling

[endre |endre wikiteksten]

Asteroidefamiliane er tenkte å vera resultat av kollisjonar mellom asteroidar. I mange eller dei fleste tilfella vart opphavslekamen knust og delt i småbitar, men det der òg fleire familiar som stammar i frå eit størrenedslagskrater som ikkje øydela opphavslekamen (t.d.Vesta,Pallas,Hygiea ogMassalia familiane). Slike kraterfamiliar består typisk av ein enkel stor lekam i tillegg til ein sverm av andre asteroidar som er mykje mindre. Nokre familiar, somFlora-familien, har komplekse indre strukturar som ikkje er tilstrekkeleg forklart for tida, men kan vera resultatet av fleire kollisjonar i den same regionen til ulike tider.

På grunn av måten dei blei danna på, har alle medlemane ein mykje lik samansetnad. Merkbare unntak er dei familiane som blei danna ifrå ein stordifferensiert lekam, slik somVesta-familien.

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Asteroidefamilie&oldid=3618818»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp