58°53′00″N14°54′00″E / 58.88333°N 14.90000°E /58.88333; 14.90000
Askersund er einsvenskby ogcentralort iAskersunds kommun iÖrebro län i landskapetNärke. I 2005 hadde byen 3 937 innbyggjarar.
Askersund er eit populært turistmål. Sentrum i byen er framleis prega av trehusbygg og to kyrkjer. Sofia Magdalena-kyrkja er teikna avOlof Tempelman og Landskyrkan avJean de la Vallée ogErik Dahlberg. Byen ligg i utkanten av skogenTiveden ved innsjøenAlsen, som utgjer den nordlegaste delen avVättern, og like utanfor byen liggHusabergsudde med bad ogcamping. Frå byen har ein utsikt over Vättern.
Askersund, som er ein hamneby ved Vättern, var før jernbanen utskipingshamn viaGöta kanal av varer frå dei omliggande traktene, deriblantSkyllbergs bruk. I 1850 blei det grunnlagt eit selskap for båttrafekk på strekninga Göteborg-Askersund. Kaiane blei bygd ut på midten av 1860-talet.