Aserbajdsjan, offisieltRepublikken Aserbajdsjan (aserbajdsjanskAzərbaycan Respublikası) er einrepublikk i den søraustlege delen avKaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg iAsia, men ein liten del ligg påeuropeisk side nord forKaukasus. Aserbajdsjan grensar tilArmenia,Georgia,Iran,Russland,Tyrkia ogKaspihavet.EksklavenNakhitsjevan grensar til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.
Aserbajdsjan ligg i sørvestlege område avAsia medKaspihavet i aust,Iran i sør,Russland ogGeorgia i nord, ogArmenia i vest. Tre geografiske trekk dominerer Aserbajdsjan:Kaspihavet, der kystlina dannar den naturlege grensa mot aust,Store Kaukasus i nord, og eit utstrekt lågland i sentrale område.
Aserbajdsjan har eit totalt landareal på om lag 86 000kvadratkilometer, mindre enn 1 % av arealet til tidlegareSovjetunionen, som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har toautonome republikkar,Nakhitsjevan som ligg sørvest forArmenia ogNagorno-Karabakh, som ligg innanfor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har òg grense tilTyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byenBaku, som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.
Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i låglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot få periodar med kulde frå nord. Fjellområda mot vest er derimot kalde og snørike. Nedbøren varierer frå under 200 mm ved munningen til Kura, til mellom 1200 og 1400 mm i låglandet kringLenkoran.
Absjeronhalvøya, der hovudstaden Baku ligg, har ofte kraftig vind, og området her har kring 40-50 kulingdagar i året, hyppigast om vinteren. Dei høge Kauakasusfjella gjer at luftstraumen frå nord vert drenert søraustover mot halvøya, der fjellrekkja endar, og ein får ein hjørneeffekt her som styrkjer vinden. Vind opp mot 40 m/s (orkan) er ikkje uvanleg.
Helleristingar iGobustan er daterte til 10 000 fvt. og indikerer ein blømande kultur. Det er einverdsarvstad og vert rekna for å ha «eineståande universell verdi».
Tidlege busetnader omfattaskytarane på 800-talet fvt.[18] Etter skytarane dominerte iranskemedarar området sør for elvaAras.[19] Mederane danna ei vidt rike mellom 900–700 fvt., som vart ein del avAkamenide-riket kring 550 fvt. Området vart erobra av akamenidane og førte tilzoroastrismen spreidde seg.[20] Seinare vart området erobra avAleksander den store og det etterfølgjande riket tilsevklidane. Dei opphavlege innbyggjarane i området varkaukasiske albanarar, som oppretta eit sjølvstendig kongedøme kalla Albania (som ikkje må forvekslast med landet på Balkan) kring 300-talet fvt. I denne perioden spreiddezoroastrismen seg i Kaukasus ogAtropatene.
Sassanidane gjorde Albania til einvasallstat i år 252, medan kong Urnayr offisielt gjordekristendomen til statsreligion på 300-talet. Trass i fleire erobringar av sassanidane ogaustromarane, vart Albania verande ein stat i regionen fram til 800-talet. Det islamskeUmayyad-kalifatet dreiv attende både sassanidane og austromarane frå regionen og gjorde Albania til ein vasallstat etter at den kristne motstanden leia av prinsJavanshir, vart slegen ned i 667. Maktvakuumet som var att etter atAbbasid-kalifatet vart svekt, vart fylt av fleire lokale dynasti, som dei tilsallaridane,sajidane,shaddadidane,rawadidane ogbuyidane. På byrjinga av 1000-talet vart området gradvis erobra avtyrkiskeOghuz-folk fråSentral-Asia. Det første av desse tyrkiske dynastia vart oppretta avghaznavidane, som kom til området i 1030.
Dei før-tyrkiske aserbajdsjanarane talte eitiransk språk kallagammalazari, som gradvis vart erstatta av eittyrkisk språk, i dag kjent somaserbajdsjansk, frå 1000-talet og frametter til det gamle språket døydde heilt ut på 1500-talet.[21] Lokalt vart områda til dei etterfølgjandeseldsjukkane styrt avatabegar, som teknisk sett var vasallar under dei seldsjukkiske sultanane, men som i røynda styrte seg sjølve. Under seldsjukkane var lokale diktarar somNizami Ganjavi ogKhagani Shirvani med på den blømandepersiske litteraturen i det som i dag er Aserbajdsjan. Dei neste herskarane varjalayiridane, men vart etter kort tid erobra avTimur Lenk.
Områda til dei nordlege og sørlege khanata (og sultanata) til Aserbajdsjan i Iran på 1700- og 1800-talet[26]
Etter safavidane vart området styrt av dei iranske dynastia tilAfshar ogZand og ei kort stund avqajarane. Meir eller mindre sjølvstendigekhanat[27][28][29][30][31] oppstod i området, særleg etter at Zand-dynastiet braut saman og tidleg i Qajar-tida. Det korte og suksessrike russiske felttoget i 1812 vart avslutta medfreden i Gulistan, der sjahen sine krav på somme av khanata i Kaukasus vart avslegne avRussland sidan dei hadde vore meir eller mindre sjølvstendige lenge før den russiske okkupasjonen.[32]
I 2007, under bygginga av eit stadion, vart det oppdaga eimassegrav i Guba. Etterforsking synte at dette var lokale innbyggjarar av forskjellige nasjonalitetar, inkludertjødar oglezginar som vart drepne i ein massakre i 1918 utført av armenarar.[40] Så langt har ein funne leivningane etter 600 menneske, mellom dei 50 barn og 100 kvinner.[41]
I mars 1920 var det opplagt av Sovjet-Russland kom til å gå til åtak mot Baku.Vladimir Lenin sa at invasjonen var berettiga sidan Sovjet-Russland ikkje kunne overleve utan olja frå Baku.[44][45] Sjølvstendet til Aserbajdsjan varte berre 23 månader førden raude armeen invaderte landet og opprettaDen aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken den 28. april 1920. Mesteparten av det nyoppretta aserbajdsjanske forsvaret var oppteken av å slå ned eit opprør av armenarar iKarabakh, men aserbajsjanarane overgav seg ikkje lett. Så mange som 20 000 aserbajdsjanske soldatar døydde i motstanden mot den russiske gjenerobringa[46]
13. oktober 1921 signerte sovjetrepublikkane Russland, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia ein avtale med Tyrkia kallaKars-traktaten. Det tidlegare sjølvstendige Nakhitsjevan SSR vart ein sjølvstendig ASSR som ein del av Aserbajdsjan SSR med Kars-traktaten. Armenia fekk derimot regionenZangezur og Tyrkia gav attendeGyumri (då kjend som Aleksandropol).
Underandre verdskrigen spelte Aserbajdsjan ei nøkkelrolle i den strategiske energipolitikken i Sovjetunionen og det meste av olja som vart levert til austfronten kom frå Baku. I februar 1942 fekk meir enn 500 arbeidarar og tilsette i oljeindustrien i Aserbajdsjan utdelt ordenen og medaljar.Operasjon Edelweiss som vart utført av tyskeWehrmacht hadde Baku og dei store petroleumsressursane der som mål.[6] Ein femtedel av alle aserbajdsjanarar kjempa i den andre verdskrigen frå 1941 til 1945. Om lag 681 000 innbyggjarar, over 100 000 av dei kvinner, kjempa ved fronten. Aserbajdsjan hadde på denne tida 3,4 millionar innbyggjarar.[47] Om lag 250 000 aserbajdsjanarar mista livet i fronten. Meir enn 130 aserbajdsjanarar vartheltar av Sovjetunionen. Den aserbajdsjanske generalmajorenAzi Aslanov vart to gonger kåra til helt av Sovjetunionen.[48]
Etterglasnost, som vart starta avMikhail Gorbatsjov, auka sivil uro og etniske stridar i forskjellige området av Sovjetunionen, mellom annaNagorno-Karabakh,[49] ein region i Aserbajdsjan SSR. Uroa i Aserbajdsjan som oppstod då Moskva ikkje gjorde noko i denne alt opphissa konflikten, førte til rop om sjølvstende og lausriving, noko som enda medSvart januar i Baku.[50] Seint i 1990 fjerna Øvste sovjet i Aserbajsjan SSR orda «sovjetisk sosialistisk» frå namnet sitt og tok flagget til Den demokratiske republikken Aserbajdsjan som sitt eige statsflagg.[51] Den 18. oktober 1991 godtok øvsterådet i Aserbajdsjan sjølvstendeerklæringa som vart stadfesta av ei landsdekkjande folkerøysting i desember 1991, då Sovjetunionen vart offisielt oppløyst.[51]
Dei første åra med sjølvstende vart dominert avNagorno-Karabakh-krigen med nabolandetArmenia. Mot slutten av krigen i 1994 kontrollerte armenarane 16 % av landområda til Aserbajdsjan, inkludert sjølveNagorno-Karabakh.[52][53] Det er estimert at 30 000 menneske vart drepne og meir enn ein million menneske vart forflytta.[54]SN har gjeve ut fire resolusjonar med krav om at dei armenske styrkane må ut av dei okkuperte aserbajdsjanske områda.[55] Mange russar og armenarar drog frå Aserbajdsjan i 1990-åra.[56] Ifølgje ei folketeljing i 1970 var det 510 000 etniske russarar og 484 000 armenarar i Aserbajdsjan.[57]
I 1993 vart den demokratisk valde presidentenAbulfaz Elchibey kasta av eit militæropprør leia av oberstSurat Huseynov, noko som førte til at den tidlegare leiaren av Sovjet Aserbajdsjan,Heydər Əliyev, kom til makta.[58] I 1994 prøvde Surat Huseynov, som då var statsminister, eit nytt militærkupp mot Heydar Aliyev, men Huseynov vart arrestert og skulda for svik.[59] I 1995 var det eit nytt kuppforsøk mot Aliyev, av kommandanten av spesialeiningaOMON,Rovshan Javadov. Dette førte til at Javadov vart drepen og OMON-einingane i Aserbajdsjan vart nedlagde.[60][61] Som president klarte Aliyev å redusere arbeidsløysa i landet, tøyle kriminelle grupper og opprette dei grunnleggjande institusjonane eit sjølvstendig land treng. Han fekk landet inn i stabilitet og fred og utlendingar starta å gjere store investeringar. Samstundes vart landet prega av stor korrupsjon i byråkratiet.[62] I oktober 1998 vart Aliyev attvald for ein ny periode. Trass i betra økonomi, særleg på grunn av petroleumsutvinninga til havs, vart Aliyev kritisert på grunn av mistanke om svindel og korrupsjon.[63]
Administrativt er Aserbajdsjan inndelt i den autonome republikkenNakhitsjevan, som er eineksklave sørvest forArmenia, det autonome områdetNagorno-Karabakh, der den armenske masjoritetsfolkesetnaden prøver å opprette ein sjølvstendig stat, 11 sjølvstendige byar og 65 distrikt.
Folketalet vart i 2012 estimert til 9,4 millionar innbyggjarar med ein årleg folketilvekst på 0,72 %.Venta levealder ved fødsel er 71 år for kvinner og 62,2 år for menn.
Utviklinga etter folketeljinga i 1959 viser at mengda aserbajdsjanarar har auka, samstundes som mengdarussarar ogarmenarar (Nagorno-Karabakh) har minka. Denne utviklinga har akselerert. I 2008 var kring 90 % av folkesetnaden aserbajdsjanarar (eller aseri), 2,5 % russarar og 2 % armenarar.
Folketettleiken er størst iKurasenkninga, særleg i og kring hovudstaden Baku. Andre større byar erGandsja ogSumqayit.
Landet vartislamisert tidleg på 600-talet under dei førstearabiske erobringane. Aserbajdsjan kom under russisk kontroll på 1800-talet og var unionsrepublikk i Sovjetunionen i åra 1936–91. Av innbyggjarane i landet er 93,4 %sjiamuslimar (ithna ashariyya), men mindresunnimuslimske grupper lever i nord. 1,1 % av innbyggjarane er russisk ortodokse kristne, og 1,1 % tilhøyrerden armenske kyrkja (Nagorno-Karabakh). Andre grupper, inkludert ikkje-religiøse, utgjer 4,4 %.
Under sovjettida var Aserbajdsjan mindre industrialisert enn Armenia og Georgia og produserte mestråvarer for eksport til andre sovjetrepublikkar. Dei første åra etter sjølvstendet bar preg av mange problem, i første rekkje kostnadene avNagorno-Karabakh-krigen. Levestandarden fall og BNP vart halvert under første halvdel av 1990-åra. Den økonomiske utviklinga skaut fart i siste halvdel av 1990–åra, då utanlandske selskap kom for å delta i utnyttinga av olje og naturgass.
I 2008 var den økonomiske veksten over 23 %. Ei av dei største utfordringane i økonomien er høg grad avkorrupsjon. Olja har skapt ei lita gruppe nyrike menneske. Trass i oljeinntektene lever ein stor del av folkesetnaden under fattigdomsgrensa. I kjølvatnet av oljeindustrien har byggesektoren òg opplevd ein stor boom, særskild i Baku. Landbruksprodukta held god kvalitet, menforedling ogmarknadsføring er lite utvikla.
Petroleumsindustrien i landet har vore i sterk utvikling sidan sjølvstendet i 1991. Industrien (inkludert bergverk og kraftproduksjon) stod i 2008 for 63,3 % av BNP og sysselsette 7 % av yrkesfolkesetnaden. I Baku finstraffineri,etylenfabrikkar og store kjemiske anlegg som alle har tilknyting til petroleumsverksemda. ISumqayit vert det produsert stålrøyr, aluminium og diversekjemikaliar. Elles er det ein deltekstil- og nærings- og nytingsmiddelindustri.
Aserbajdsjan har særs verdifullemineralførekomstar. Det vert i hovudsak produsertolje ognaturgass, men ògjernmalm,aluminium,kopar,bly,sink,salt ogsvovel. Kring 1900 kom kring halvparten av oljeproduksjonen i verda frå Aserbajdsjan, men produksjonen gjekk seinare sterkt tilbake, særleg på grunn av forelda produksjonsteknologi. Styresmaktene oppmoda frå 1997 til utanlandske investeringar i petroleumssektoren. Dette har ført til ein sterk auke i oljeutvinningstempoet. Omkring 80 % av olje- og naturgassførekomstane ligg langs vestbreidda av Kaspihavet, nord og sør for hovudstaden.
Jordbruket medverka med 6 % avbruttonasjonalproduktet i 2008 og sysselsette 41 % av yrkesfolkesetnaden. Næringa vart etter 1991 omstrukturert fråkollektiv drift til privatdrivne gardsbruk. I løpet av 2001 var alle dei statsdrivne bruka overførte til private brukarar.
Omtrent halvparten av arealet til landet er dyrkbart, men litenedbør og storfordamping i innlandsstroka hemmar jordbruksnæringa. Kring 70 % av jordbruksarealet blirkunstig vatna. Fjellområda og det frodigeLenkoran-området ved Kaspihavet får nok nedbør. Hovudavlinga erkveite, men i seinare år har det vore sterk auke ibomullsdyrkinga. Dessuten vert det dyrkasitrusfrukt,mais,grønsaker,tobakk,te,ris ogsilke. Husdyrhaldet er stort, særleg i fjellstroka og det vert halde mestsau oggeit.
Det er til saman kring 60 000 km veg i Aserbajdsjan (2008). Det erjernbanesamband tilRussland,Georgia,Ukraina ogArmenia. Jernbanesambandet til Armenia har i periodar vore ute av drift på grunn av konflikten mellom dei to landa.
Det går ferjesamband mellom Baku ogAstrakhan i Russland lenger nord og mellom Baku ogKrasnovodsk iTurkmenistan på austsida av Kaspihavet.
Mynteininga i landet ermanat medvalutakode AZN. 1 manat er delt inn i 100 qepik. Mynteininga erstatta i 1992/93 den russiskerubelen. Valutaen blei innført 1. januar 2006 og erstatta den tidlegare manaten som blei innført 15. august 1992. Ein første manat eksisterte i åra 1919–1923. Kursen var 1 AZN = 5000 manat ved det seinaste skiftet.
Aserbajdsjan er sidan 1991 i prinsippet eindemokratisk republikk.Grunnlova frå 1995 legg denlovgjevande makta til ei folkevald nasjonalforasmling, Milli Majlis. Ho har 125 medlemer som blir valde i direkte val for fem år. Etter 2002 vert alle mandata valde i éinmannskrinsar. Den utøvande makta ligg hjåpresidenten, som vert vald i direkte val for fem år. Røysterettsalderen i landet er 18 år.
Politikken er særs ustabil og den utbreiddekorrupsjonen gjer landet vanskeleg å styre både politisk og økonomisk. Aserbadsjan har etter prinsippet eit fleirpartisystem, men partia spelar ei avgrensa rolle. Det dominerande partiet sidan sjølvstendet har vore partiet til presidenten,Det nye aserbajdsjanske partiet, som fekk 61 av dei 125 plassane ved valet i 2005. Ei grunnlovsendring i 2002 sikra at presidentetembetet i praksis gjekk i «arv» fråHeidar Alijev til sonen hansIlham Alijev.
I 1996 hadde Aserbajdsjan 257 registrertedagsaviser, dei aller fleste på aserbajdsjansk. I tillegg hadde ein kring 50 veke- og månadspublikasjonar. På grunn av økonomiske, tekniske og politiske vanskar har mange av publikasjonane hatt store problem og fallande opplagstal. Militær sensur vart innført i 1993, men oppheva i 1998, då president Heidar Alijev utferda eitdekret om opphevinga avsensuren og innføring av statleg støtte til sjølvstendige media.
Det statlege kringkastingsselskapet produserer og sender i to radiokanalar og to fjernsynskanalar på aserbajdsjansk, formidlar russisk radio og fjernsyn frå Moskva og har sendingar på engelsk. Den eine kanalen er nasjonal og den andre er ein lokal-TV-kanal. Ein privat fjernsynsstasjon sender program på aserbajdsjansk og russisk. Tyrkisk fjernsyn vert formidla frå ein sendar i Baku. Det statlege kringkastingsselskapet sine radiosendingar starta i 1926 og TV-sendingar kom i gang i 1956.
Dei viktigaste forfattarane i moderne tid er dramatikarenMirza Ahundzade (1812-1878) og i sovjetrepublikken Aserbajdsjan romanforfattarenDsjafar Dsjabbarli (1899-1934) og poetenSamed Vurgun (1906-1956).
I den urbane kulturen i mellomalderen utvikla det seg ein syklisk vokal og instrumental musikkform,mugam, med tekstar frå dei klassiske dikta i landet. Omgrepet mugam er nærskyldt med det arabiskemakam og syner til at musikken blir improvisert på grunnlag av reglar for toneutval, omfang, obligatoriske melodiske og rytmiske motiv og tempo.
Den tradisjonelle musikaren,ashug, har status som diktar og komponist.
Mot slutten av 1800-talet vart musikalske impulsar frå Austen og Midtausten avløyst av russisk påverknad med innføring av europeiske musikkformer og institusjonar somsymfoniorkester,opera,teater, og seinare etablering av konservatorium i Baku (1921).
Nasjonalsongen i landet erAserbajdsjan-marsjen «Aserbajdsjan! Aserbajdsjan! Du er landet til heltane!» med tekst av Ahmad Javad og melodi av Uzeyir Hadsjibejov. Han vart komponert i 1919 og nytta som nasjonalsong iDen demokratiske republikken Aserbajdsjan til 1922, og vart offisielt teken som nasjonalsongen for Aserbadjsjan i 1992.
Tidlegteater i dette kulturområdet var prega av forteljartradisjonar som vart borne fram av songarar og musikarar.Koskosa er eit slags folkeleg, teatralt spel, og ein kan finne restar av tradisjonar i slekt med den dionysiske. Eit europeisk prega moderne teater vart grunnlagd avMirza Fatali Akhundov (1812-1878), som var ein sterk beundrar aveuropeisk kultur. Han skreivkomediar i vestleg stil - dei første i den islamske kulturkrinsen - og han vart omsett til fleire europeiske språk.
Tagiev-teateret ogMailov-teateret i Baku vart starta i andre halvdelen av 1800-talet og dei vart på byrjinga av 1900-talet sterkt påverka avrussisk teater. Mailov-teateret vart nasjonalisert i 1919. I 1922 vart eit statleg dramateater grunnlagt, med status somAserbadsjans akademiske dramateater (GAT). Mange vestlege klassikarar vart etter kvart spelt der.Dramateateret i Sheki vart opna i 1975 og eit breitt utval av moderne europeisk dramatikk frå Brecht til Dürrenmatt vart vist.
Sidan sjølvstendet i 1991 har ein sett at nyare teater- og dramaformer har utvikla seg i Aserbadsjan. Men på same måte som for teatera i andre tidlegare Sovjet-republikkar, har ein måtte finne nye måtar å finansiere teaterdrifta på utan statleg støtte.
↑Pipes, Richard (1997).The Formation of the Soviet Union: Communism and Nationalism 1917–1923 (2nd utg.). Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 218–220, 229.ISBN0674309510.
↑«In Safavi times, Azerbaijan was applied to all the muslim-ruled khanates of the eastern Caucasian as well as to the area south of the Araz River as fas as the Qezel Uzan River, the latter region being approximately the same as the modern Iranian ostans of East and West Azerbaijan.»Atkin, Muriel (1980).Russia and Iran, 1780–1828. University of Minnesota Press. s. xi.ISBN0816656975.
↑Kashani-Sabet, Firoozeh (May). «Fragile Frontiers: The Diminishing Domains of Qajar Iran».International Journal of Middle East Studies29 (2): 210. «In 1795, Ibrahim Khalil Khan, the wali of Qarabagh, warned Sultan Selim III of Aqa Muhammad Khan's ambitions. Fearing for his independence, he informed the Sultan of Aqa Muhammad Khan's ability to subdue Azerbaijan and later Qarabagh, Erivan, and Georgia.»
↑Baddeley, John Frederick (1908).The Russian Conquest of the Caucasus. Harvard University: Routledge.ISBN0700706348. «Potto sums up Tsitsianoff's achievements and character as follows: 'In the short time he passed there (in Transcaucasia) he managed to completely alter the map of the country. He found it composed of minutely divided, de facto independent Muhammadan States leaning upon Persia, namely, the khanates of Baku, Shirvan, Shekeen, Karabagh, Gandja, and Erivan...'»
↑Avery, Peter; Hambly, Gavin (1991).The Cambridge History of Iran (på engelsk). Cambridge University Press. s. 126.ISBN978-0-521-20095-0. «Agha Muhammad Khan could now turn to the restoration of the outlying provinces of the Safavid kingdom. Returning to Tehran in the spring of 1795, he assembled a force of some 60,000 cavalry and infantry and in Shawwal Dhul-Qa'da/May, set off for Azarbaijan, intending to conquer the country between the rivers Aras and Kura, formerly under Safavid control. This region comprised a number of khanates of which the most important wasQarabagh, with its capital at Shusha; Ganja, with its capital of the same name; Shirvan across the Kura, with its capital at Shamakhi; and to the north-west, on both banks of the Kura, Christian Georgia (Gurjistan), with its capital at Tiflis.»
↑Schulze, Reinhard. A Modern History of the Islamic World. I.B.Tauris, 2000.ISBN 978-1-86064-822-9, 9781860648229.
↑Kazemzadeh, Firuz (1951).The Struggle for Transcaucasia: 1917–1921. The New York Philosophical Library. s. 124, 222, 229, 269–270.ISBN978-0-8305-0076-5.
↑Горянин, Александр (August 28, 2003).«Очень черное золото». GlobalRus. Henta 12. april 2012. (russisk)