Aschehoug | |||
![]() | |||
![]() | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 910292005 | ||
Bransje | Forlag,detaljhandel | ||
Skipa | 1872 | ||
Dotterselskap | Universitetsforlaget,Forlaget Oktober | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Idar Kreutzer | ||
Adm.dir. | Mads Nygaard | ||
Nettstad | https://aschehoug.no(norsk) |
H. Aschehoug & co (W. Nygaard) AS er eit norsk forlagshus som vart stifta i1872 avHieronymus Aschehoug ogHalvard Aschehoug somsortimentsbokhandel.Bokhandelen låg dei fyrste åra iØvre Slottsgate 23 påEgertorvet iKristiania (Oslo).
Dei fyrste forlagsartiklane deira kom ut i 1873, mellom andreKart over Kristiania av Johannes Solem,Om vore Husdyrs almindeligste Sygdomme av O. Thesen og«Henrik Ibsens Kejser og Galilæer». En kritisk Studie av G. (pseudonym forArne Garborg).I1881 flytta firmaet tilKarl Johans gate 43. I 1887 byrjaWilliam Nygaard i firmaet, han vart etter kvart ansvarleg for forlagsverksemda og i 1900 vart han eineeigar av forlagsavdelinga. I 1910 kjøpte forlagetSehesteds gate 1, 3 og 5 og året etter vert forlagsverksemda flytta dit, og der held forlaget framleis hus (i 2005).
H. Aschehoug & co (W.Nygaard) er i dag eit av dei største forlaga i Noreg, i2003 omsette konsernet for 1224 millionar kroner.