Artouze | |||
عرطوز | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Qatana-distriktet | ||
Nahiyah | Qatana | ||
Koordinatar | 34°01′N36°43′E / 34.017°N 36.717°E /34.017; 36.717 | ||
Folketal | 20 000 (2007 est.) | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
![]() Artouze 34°01′00″N36°43′00″E / 34.016666666667°N 36.716666666667°E /34.016666666667; 36.716666666667 | |||
Artouze (arabisk عرطوز, 'Artūz) er ein by 15 km sørvest forDamaskus iSyria. I 2007 vart folketalet estimert til 20 000.
Det finst få spor av byen i historia, men det finst ein referanse til ein by som låg på omtrent same stad som Artouze underDet assyriske riket. Det finst òg einromersk kanal som framleis vert nytta til å vatning av dei nærliggande gardane.
Artouze kan òg vere ein stad nemnt iDet nye testamentet medan disiplane er på veg til Damaskus. Staden der Jesus skal ha synt seg er i dag minna av eit tempel, sompave Johannes Paul II vitja då han var i Syria i 2000.
Dei fleste gardane var eigd av rike familiar frå Damaskus underosmansk ogfransk tid. Landområda vart fordelt på ny under presidentGamal Abdel Nasser.
Artouze ligg 15 km sørvest for Damaskus, 6 km aust forQatana. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus ogGolanhøgdene. ElvaAwaj renn gjennom byen og deler seg i tre greiner.
Artouze har ein tvillingby berre 2 km lenger nord kalla Judidet Artouze. Dei to byane har i dag vokse meir eller mindre saman.
Fram til 1980-åra var hovudnæringa i Artouze stort sett jordbruk.Oliven,kveite ogkvitlauk var dei viktigaste produkta. Etter kvart som Damaskus har vokse, har Artouze utvikla seg raskt og økonomien er i dag meir tenestebasert.