Klauvdyr ellerpartåa hovdyr (Artiodactyla) er store,planteetandepattedyr med eit partal tær dei går på, vanlegvis to.Hovene på desse tærne vert kallaklauvar. Til denne gruppa høyrer rundt 220artar, mellom annakveg,svin,hjortedyr ogkameldyr. Fleire av dei viktigastehusdyra våre er klauvdyr.
Som andrehovdyr går klauvdyra på tærne; skilnaden er at der deiupartåa hovdyra har èi tå på kvar fot, har klauvdyra to. Desse kjem frå den tredje og den fjerde tåa til den felles forfaren deira, som mest sannsynleg levde tidleg iEocentida.
Reintmorfologisk kan me dela klauvdyra i to grupper.UnderordenenSuina består avsvin ogflodhest og har framleis fire tær i behald. Desse er altetarar med enkel mage, annleis tannsett og kortare bein enn dei andre to underordenane. UnderordenaneRuminanta ogTylopoda har lengre bein og meir komplisertefordøyingsssystem (m.a. tyggjer deidrøv), berre to tær og kraftigetyggetenner. Dette kjem av at dei utvikla seg for å etagras, som nettopp dukka opp iEocentida.
Nyare molekylærbiologisk forsking har synt at ògkvalane høyrer heime mellom klauvdyra for at gruppa skal kunne reknast sommonofyletisk. Sjølv om det ikkje går an å sjå nokon todeling i ekstremitetane til kvalen, har desse dyra yngre felles stamfedrar medflodhesten enn det flodhesten har med til dømeshjortedyra.
Me kan dela klauvdyra i treunderordenar:Ruminantia, som omfattar m.a.kveg,hjortedyr,sauar,geiter,antiloper,moskusfe ogsjiraffar,Suina, som omfattarsvin,navlesvin ogflodhestar, ogTylopoda som omfattarkameldyra.
ARTIODACTYLA