Arthur Schopenhauer vart fødd iDanzig (polsk: Gdansk) i det noverandePolen som son av ein kjøpmann. Han studerte vedUniversitetet i Jena iThüringen og fullførte doktorgraden sin herifrå i 1813 med avhandlingaUeber die vierfache Wurzel des Satzes vom zureichenden Grunde. Då faren døydde, gjorde arven at Schopenhauer vart økonomisk uavhengig. Han virka som privatdosent iBerlin frå 1820-1832, men flytte deretter tilFrankfurt am Main der han levde ugift til han døydde i 1860. Han var ein lite populær universitetsfilosof, men mot slutten av livet sitt vart han mykje lesen. I ettertid har Schopenhauers filosofi hatt stor påverknad på kunstnarar og tenkjarar av vidt forskjellige retningar. Av dei mange som vart inspirerte av Schopenhauers tenking, er det mange kunstnarar og forfattarar, men også nokre filosofar og vitskapsfolk, m.a.Friedrich Nietzsche,Sigmund Freud,Ludwig Wittgenstein,Henri Bergson samtPeter Wessel Zapffe. Elles har kunstnaraneRichard Wagner,Leo Tolstoj,Albert Einstein,Samuel Beckett,Thomas Mann ogHermann Hesse late seg fascinera av den nedtrykkjande tankeverda hjå Schopenhauer. I 1911 skipa filosofen Paul DeussenSchopenhauer Gesellschaft, som eksisterer enno. Deussen gav også ut dei samla verka etter Schopenhauer i 16 bind frå 1911-1942; det har seinare kome ut nyutgjevingar.
Schopenhauer tok utgangspunkt iImmanuel Kants filosofi. Lik han meinte Schopenhauer at erkjenninga berre gjev oss kjennskap til vår oppfatning av tinga rundt oss, og ikkje korleis tinga er i seg sjølve (Das Ding-an-sich). Den blinde livsviljen blei vesentleg i Schopenhauers filosofi; han meinte at mennesket sin eigen livsvilje var det djupaste, det einaste det fullt og heilt kan lita på, og at mennesket gjennom den likevel får tilgang til det eigentlege vesenet i tinga. I dette skil Schopenhauer seg frå Kant, og han skriv ein del kritikk mot hans filosofi, m.a. i hovudverket sitt frå 1819:Die Welt als Wille und Vorstellung (Verda som vilje og førestilling). For Schopenhauer har heller ikkje tilværet noka anna meining enn denne blinde livsviljen, og all eksistens er ei ulukke, det er liding. IDie Welt als Wille und Vorstellung uttrykkjer han at livet«...svingar dermed, lik ein pendel, hit og dit mellom smerte og keisemd.»[1] Den høgaste manifestasjonen av livsviljen er kjønnsdrifta, som berre forbigåande kan tilfredsstilla mennesket. Etikken består for Schopenhauer i å fornekta viljen gjennom sjølvfornekting eller sjølvoppofring. Schopenhauer formulerte her ein filosofi av medynk, som for han var å erkjenna det eigne i den andre. Den djupt pessimistiske metafysikken hjå Schopenhauer finn berre forløysing i den naturlege døden, som representerer ein frigjerande ikkje-eksistens.
Schopenhauer var misogyn og uttalte seg ofte negativt om kvinner, men han hylla kunsten, særleg musikken, der han kunne erfara sjølve menneskets livsvilje. Han avviste filosofien tilHegel, og skreiv krasse polemikkar mot både han og andre representantar forden tyske idealismen, t.d.Fichte ogSchelling.
Schopenhauer vardeterminist og meinte at mennesket ikkje harfri vilje, sjølv om det innbiller seg at det har det. I skriftetUeber die Freiheit des menschlichen Willens (Om menneskets frie vilje) argumenterte han imot at eit slikt fridomsmedvit på noko vis kan garantera at ein verkeleghar fri vilje. For å illustrera dette, nytta han einallegori der vatnet var i stand til å snakka med seg sjølv. Vatnet kunne då seia:«Eg kan laga høge bølgjer, eg kan fløyma nedover og eg kan bli til damp og stiga oppover, men nett no vel eg å liggja heilt stille i denne dammen.» Det kan i røynda gjera alle desse tinga, men vatnet er ikkje medvite om at det alltid er krefter utanfrå som forårsakar at det gjer det. For at vatnet skal kunna laga bølgjer, trengst det vind, og for at vatnet skal kunna fordampa, trengst det varme. Dersom vatnet blir tilsett varme, kan det ikkje velja åikkje fordampa, sjølv om det ikkje er klar over kva slags krefter som gjer at det fordampar. Nett slik er det med mennesket òg, skreiv Schopenhauer:«Mitt fridomsmedvit er berre eit manglande medvit om dei årsakene som i realiteten bestemmer mi åtferd.»[2]
ForUeber die Freiheit des menschlichen Willens vart Schopenhauer tildelt gullmedalje fråDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab iTrondheim i 1839, men dette var den einaste vitskaplege påskjønninga han fekk i levetida si. Skriftet vart utgjeve i bokform i 1841 saman medUeber das Fundament der Moral (Om moralens fundament) med overskriftaDie beiden Grundproblemen der Ethik - (Etikkens to grunnproblem).