Art nouveau er eifransk/belgisk nemning på einstilart som oppstod på slutten av det1800-talet (1890–1914). «Art nouveau» er ei internasjonal nemning som på fransk tyder «den nye kunsten». Stilarten kan ein finna både iEuropa og iSambandsstatane (USA). Nemninga som er mest brukt iNoreg erjugendstil.
Namnet 'art nouveau' kjem av ein butikk iParis,Maison de l'Art Nouveau, driven avSamuel Bing. Der vart det lagt vekt på å stilla ut nyskapande ting.
Eit høgdepunkt i utviklinga av art nouveau varverdsutstillinga i Paris i 1900. Den 'moderne stilen' vart framheva på alle måtar. Stilen vart rasktkommersialisert ogmasseprodusert. Etter om lag 1907 vart art nouveau, i alle høve i leiande krinsar i Europa, sett ned på som meir og meir simpel.