Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Arras

Koordinatar:50°17′N02°47′E / 50.283°N 2.783°E /50.283; 2.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arras
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd11,63 km²
Flatevidd
 - By

11,63 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

40 590
  3 490/km²
Koordinatar50°17′N02°47′E / 50.283°N 2.783°E /50.283; 2.783
Høgd over havet72 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer62000
Heimeside:www.ville-arras.fr
Plassering

Arras (nederlandskAtrecht) er ein by ogkommune nord iFrankrike. Han erpréfecture (administrasjonssenter) idepartementetPas-de-Calais iregionenHauts-de-France, og har om lag 40 000 innbyggjarar.

Han er det historiske senteret i området Artois. I motsetnad til mangefranske ord skal bokstaven «s» til slutt i namnet uttalast.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Opphavleg var Arras busetnaden til eikeltisk stamme kallaAtrebates, og vart seinare einromersk garnisonsby kallaAtrebatum.

Han ligg i den tidlegare nederlandske og franske provinsenArtois. I mange hundreår var Arras på grensa mellom Frankrike ogNederlanda, og området byta ofte eigarar før han endeleg vart verande fransk seint på 1600-talet. Festningsverka somVauban bygde hjelpte til med å halde byen fransk. Byen har vorte nært knytt til handel medFlandern, og vart seinare eit viktig senter for dyrking og prosessering avsukkerroer.

Unionen i Atrecht (det nederlandske namnet for Arras) vart signert her i januar1579 av det katolske fyrstedømet iNederlanda som var lojale til kongFilip II avHabsburg. Dette framprovserteUnionen i Utrecht seinare same månad.

Underden første verdskrigen låg Arras nær fronten og fleire slag vart utkjempa i nærleiken, mellom annaslaget ved Arras der fleire tunnelar frå mellomalderen under byen, som tyskarane ikkje kjende til, vart ein viktig faktor for at franskmenna klarte å halde byen. Byen vart derimot hardt råka og måtte byggast opp att etter krigen. Under den andre verdskrigen vart byen okkupert av tyskarane og 240 mistenkte franske motstandsfolk vart avretta her.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Arras
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Arras&oldid=3430841»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp