Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Arkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkar
Systematikk
Domene:ArkarArchaea
Woese,Kandler &Wheelis,1990
Sulfolobus som er infisert med eit STSV-1-virus.

Arkar (Archaea, ettergresk αρχαία, «gamle ting») er ei stor gruppe levandeorganismar. Dei er mikroskopisk små, ofte eincella og med enkel,prokaryot cellestruktur. Dei delar trekk både medbakteriar og medeukaryotar og vert difor klassifisert som noko anna enn dei begge.

Arkar finst i mange ulike miljø, og det er stort mangfald både imorfologi ogfysiologi innanfor gruppa. Dei har større formvariasjon enn bakteriar; både flate firkanta og trekanta celler er observert. Ein finn dei òg i større grad iekstreme miljø som varme kjelder, men dei er òg vanlege i vanleg jord. Dei er derimot umoglege å skilja frå bakteriar utanbiokjemiske og/ellergenetiske arbeidsmetodar.

Tidlegare brukte ein namnetarkebakteriar om arkane, men sidan dei eigentleg ikkje er bakteriar har ein i stor grad gått vekk frå dette namnet.

Biokjemi

[endre |endre wikiteksten]
Figur som samanliknar cellemembranar i arkar (øvst) med dei ein finn i bakteriar og eukaryotar (i midten). Nedst ser me det doble fosfolipidlaget i bakteriar, eukaryotar og dei fleste arkane samanlikna med lipidane me finn i somme arkar.

Ein hovudskilnad på bakteriar og arkar er at arkane manglarpeptidoglykan icelleveggen. I staden har somme av dei eit stoff som kallastpseudopeptidoglykan og består avsukkerartane N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetyltalosaminuronsyre (NAT) med sidekjeder av L-aminosyrer. Ein annan cellevegg-type ein finn i arkar er det såkallaS-laget, eit lag proteinøse sub-einingar i kontakt medcellemembranen. Celleveggskilnadane fører til at antibakterielle middel somlysozym ogpenicillin ikkje bit på dei.

Cellemembran

[endre |endre wikiteksten]

Cellemembranane til Archaea består, som alle cellemembranar, av alkoholenglyserol ogfeittsyrer. Hjå arkane er desse bundne til kvarandre medeterbinding, der bakteriar og eukaryotar haresterbinding. Feittsyrene hjå arkar er dessutan ofte greina, noko ein aldri ser elles.

Økologi

[endre |endre wikiteksten]

Arkar er særs mangfaldige når det kjem til ulike former for stoffskifte og næringsopptak. Det er kjend bådeaerobe oganaerobe former, som både kan veraautotrofar ogheterotrofar. Dei utgjer ofte ein særs stor del av mikrofloraen i ekstreme miljø, som i varme kjelder, saltsjøar, Antarktis med fleire. Ein rekna lenge med at arkane fanst i desse miljøa fordi dei var blitt utkonkurrerte frå dei «vanlege» habitata, men nyare studium har vist at dei finst i store mengder òg ihavet og under «konvensjonelle» tilhøve på land. Desse er derimot særs vanskelege å dyrka i kultur, og ein veit lite om dei.

Somme arkar, somMethanococcus ogMethanobacterium er som dei einaste organismane i verda i stand til å dannametan frå enklekarbonsambindingar somkarbondioksid ogmetanol. Dei slepp ut metanet som eit biprodukt avmetabolismereaksjonane sine.

Evolusjon

[endre |endre wikiteksten]
Eitfylogenetisk tre som syner den vanlegaste oppfatninga av slektskapet mellom arkar, bakteriar og eukaryotar

Carl Woese meinte at bakteriane, arkane og eukaryotane kvar representerte tidlege avgreiningar i livets tre, tre grupper som alle stamma frå ei opphavlegprogenot med dårleg utvikla genetisk maskineri. Seinare tok han til å handsama desse gruppene formelt som biologiskedomene; den høgastetaksonomiske eininga i biologien. Denne delinga er særs populær i dag, sjølv om progenot-teorien ikkje har generell støtte.

Somme bioloar hevdar at arkane og eukaryotane stammar frå spesialiserte bakteriar. Analysar avribosomalt RNA syner at eukaryotar og arkar skilde lag på eit seinare tidspunkt enn det arkar og bakteriar gjorde. Andregenomiske undersøkingar har vist det motsette, at arkane og bakteriane er nærare kvarandre.

Bernt Walther har foreslått at eukaryotane oppstod som eitmutualistisk tilhøve mellom arkar og bakteriar, kor arkane har utvikla seg tilcellekjerna og invadert ei bakteriecelle. Han meiner vidare at desse organismegruppene har gjeve opphav til høvesvis sæd- og eggceller, og såleis atsex og eukaryotar oppstod om lag samstundes.

Igjen basert påribosomalt RNA har ein delt arkane inn i to hovudgrupper,Euryarchaeota ogCrenarchaeota. Fleire grupper er foreslått, utan at dei har vunne innpass enno sidan ingen av medlemmane i desse gruppene har vorte dyrka enno. Eit unnatak er artenNanoarchaeum equitans, som plasserast i den nye gruppaNanoarchaeota.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Arkar&oldid=3494420»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp