Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Arkí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkí
øy
Land Hellas
Del avDodekanesane
Areal6,697 km²
Folketal 44(2011)
Kart
Arkí
37°23′N26°44′E / 37.38°N 26.74°E /37.38; 26.74
Wikimedia Commons: Arkoi

Arkí (gresk Αρκοί,tyrkiskNergiscik adası) er ei øy iHellas som høyrer tilDodekanesane iEgearhavet, nær kysten tilTyrkia.

Øya høyrer til kommunenPátmos og har 38 innbyggjarar (2021).[1] Dei fleste innbyggjarane bur nær hovudhamna på øya, medan resten bur spreidd rundtom i høgare område. Flesteparten her lever av fiske, geiter eller arbeider på ein av dei fire kroene på øya.

Øya er tørr og steinete med lite vegetasjon bortsett fråoliventre og kratt. Av dyreliv på øya finn eingeiter ogesel, og ein kan stundom sjåhegre.

Dei næraste busette øyane erMaráthi, og av større øyar finn einLipsí ogPátmos. Det går ferjesamband mellomSámos,Pátmos ogLipsí som går innom øya, i tillegg til småbåtar til dei nærliggande øyane som Maráthi.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Folketeljing 2021


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Arkí&oldid=3589537»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp