Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Frå arilds tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråArilds tid)
Pieter Bruegel den eldre:Den dystre dagen, 1565

Frå arilds tid er eit omgrep som tyderfor svært lenge sidan.

Omgrepet har om lag same meining somfrå uminnelege tider. Omgrepet har ikkje samanheng med mannsnamnetArild, men er samansett av deinorrøne ordaár, tidleg, ogalda,genitiv fleirtal avǫld, tid. På norrønt lydde uttrykket «ár alda», på gammaldansk «arelde». Norske dialektar har brukt uttrykket «frå arals tid», med ordettid som eittautologisk (unødvendig) tillegg.

Uttrykket er vore utsett for mange omtydingar, folk har vilt knytte uttrykket til namnet Arild eller namn som Orre,Ariel ellerAron. Ei delvis riktig modernisering av uttrykket er «frå urolds tid».

Gud være lovet bredt og vidt!
Velsignet være Navnet dit,
Min Gud, af Arelds Minde!

Frå «En Morgen-Sang» avPetter Dass

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]
  • Falk ogTorp 1903:Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992ISBN 82-90520-16-6
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Frå_arilds_tid&oldid=2520332»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp