Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Argyll and Bute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argyll and Bute
region
Symbol
Land Storbritannia
Konstituerande land Skottland
Adm.senterLochgilphead
Areal6 908,6739 km²
Folketal 85 870(2019)[1]
Kart
Argyll and Bute
55°59′00″N5°27′00″W / 55.98333333°N 5.45°W /55.98333333; -5.45
Wikimedia Commons: Argyll and Bute

Argyll and Bute (skotsk-gæliskEarra-Ghaidheal agus Bòd) er ein av 32regionar og eitstatthaldarskap iSkottland. Det administrative senteret er iLochgilphead.

Argyll and Bute dekkjer det nest største adminsitrative området i Skottland. Inkludert øyane er det over 3000 km kystlinje, noko som vert hevda å vere meir enn heileFrankrike.

Regionen grensar tilHighland,Perth and Kinross,Stirling ogWest Dunbartonshire. Grensa går langsLoch Lomond.

Den noverande regionen vart skipa i 1996 då det vart teke ut av regionenStrathclyde, som var eit todelt lokalstyre med 19 distrikt. Argyll and Bute vart slått saman av distrikta Argyll og Bute og valkrins i distriktetDumbarton. Dumbarton, kalla 'Helensburgh and Lomond', omfatta byenHelensburgh og bestod av området vest forLoch Lomond, nord forFirth of Clyde og hovudsakleg aust forLoch Long.

Regionen omfattar òg det meste av det historiskegrevskapet Argyll (Argyll minusMorvern-området nord forMull, som vart ein del av Highland i 1975), delar av grevskapetBute (Isle of Bute) og delar av grevskapetDunbartonshire (Helensburgh og Lomond).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3http://statistics.gov.scot/data/population-estimates-current-geographic-boundaries.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Argyll and Bute
Skottlands flagg
Skottlands flagg
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Argyll_and_Bute&oldid=3549496»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp