Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Arendalsfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arendalsfeltet er eitgeologisk område mellomFevik ogTvedestrand iAgder fylke, hovudsakleg innanforArendal kommune. Arendalsfeltet er spesielt kjent for førekomstane avjernmalm ogkalksilikat-bergartar. Ein reknar med at kalksilikat-bergartane vart danna vedregionalmetamorfose av ureinekalksteinar eller at dei vart danna somskarn på grensa mellom kalksteinar og inntrengtegranittiske smeltar.

Det har voregruvedrift og vunne utjern i Arendalsfeltet frå ca. 1585 til ca. 1975, då den siste gruva ved Bråstad vart lagt ned. Den eldste gruva vart oppretta i 1660-åra i Barbudalen, ikkje så langt frå sentrum av Arendal. Malm frå Arendalsfeltet hadde spesiell høg kvalitet og var ein ettertrakta råvare ved alle dei tidlegare, norskejernverka. I 1620-1870 leverte gruvene herfrå 2/3 av all malm som vart brukt ved norske jernverk.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Arendalsfeltet&oldid=3517615»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp