Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ardèche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjåelva Ardèche
Ardèche
Våpenskjoldet til {{{department}}}
Våpenskjoldet til Ardèche
Plassering
Plasseringa til Ardèche i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer:07
Region:Rhône-Alpes
Préfecture:Privas
Sous-préfectures:Largentière
Tournon-sur-Rhône
Arrondissement:3
Kantonar:33
Kommunar:339
Président du conseil général:Pascal Terrasse
Statistikk
FolketalRangering 76.
 -1999286 023
Folketettleik:52/km²
Landareal¹:5 529 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Ardèche (oksitanskArdecha) er eitdepartementet sør i sentrale området av Frankrike. Departementet ligg iregionenRhône-Alpes, og er kalla opp etterelva med same namn.

History

[endre |endre wikiteksten]

Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den4. mars1790 underden franske revolusjonen. Gjennom 1800-talet gjennomgjekk departemenet ein moderat økonomisk vekst. Folketalet auka frå 273 000 i 1793 til 388 000 i 1861. Silkeormindustrien blømde fram til 1855 då sjukdom påverka ormane og konkurransen medKina førte til økonomiske tap. VedPrivas dreiv ein gruvedrift etterjernmalm, men dette vart raskt utvunne. Som følgje av dette vart seksmasomnanlegg oppretta, men dei gjekk forholdsvis dårleg, og det siste vart lagt ned vedPouzain i 1929.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Departementet, som består av den gamle provinsenVivarais, er omringa av dei franske departementaDrôme,Vaucluse,Gard,Lozère,Haute-Loire ogIsère. Departementet er prega av store konstrastar. Dei lågaste områda derArdèche munnar ut iRhône ligg berre 40 meter over havet, medanMont Mézenc strekkjer seg 1 754 meter over havet.

Det er fem naturlege område i Ardèche.

  • Fjella ligg i dei vestlege områda av departementa med ei middelhøgd på 1 100 meter. ElvaLoire har sitt utspring i desse fjella. Fjella er dekte av snø i mange månadar om vinteren, og er ofte utsett for svært kraftig vind om hausten og vinteren (lokalt kalla «la burle»). I dalane er det regelmessig tåke og ofte kraftig regn (1 500 mm i årsnedbør), særleg i september og oktober.
  • Platået Haut-Vivarais ogCevennane er ein overgangssone frå fjella til Rhônedalen.
  • Bas-Vivarais, der elva Ardèche renn gjennom. Dettekarstområdet er forma avkalkstein. Klimaet er tørrare og varmere enn lenger vest og nesten sommiddelhavsklima. Vinden kjem oftast frå nordaust, men vind frå sør (kjend som «vent du midi») og vest har mykje fukt med seg, som kan gje kraftig nedbør i fleire dagar i strekk.
  • Platået Coirons som ligg i nord omringa av dalane Ouvèze, Payre, Escoutay, Col de Escrinet og Vesseaux.
  • Rhônedalen ligg i aust langd foten av Vivaraisplatået. Her dominerer den kraftigemistralvinden.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kallaArdéchois. I 1990 fekk Ardèche igjen same innbyggjartal som dei hadde hatt 50 år tidlegare. I dag er folketalet 286 000 (samanlikna med 390 000 i 1860). Trass i denne auken er det mange som flyttar frå distrikta, og folketalet i departementet endrar seg i dag lite.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Ardèche
Fastlands-Frankrike
02Aisne · 01Ain · 03Allier · 04Alpes-de-Haute-Provence · 05Hautes-Alpes · 06Alpes-Maritimes · 07Ardèche · 08Ardennes · 09Ariège · 10Aube · 11Aude · 12Aveyron · 13Bouches-du-Rhône · 14Calvados · 15Cantal · 16Charente · 17Charente-Maritime · 18Cher · 19Corrèze · 2ACorse-du-Sud · 2BHaute-Corse · 21Côte-d'Or · 22Côtes-d'Armor · 23Creuse · 24Dordogne · 25Doubs · 26Drôme · 27Eure · 28Eure-et-Loir · 29Finistère · 30Gard · 31Haute-Garonne · 32Gers · 33Gironde · 34Hérault · 35Ille-et-Vilaine · 36Indre · 37Indre-et-Loire · 38Isère · 39Jura · 40Landes · 41Loir-et-Cher · 42Loire · 43Haute-Loire · 44Loire-Atlantique · 45Loiret · 46Lot · 47Lot-et-Garonne · 48Lozère · 49Maine-et-Loire · 50Manche · 51Marne · 52Haute-Marne · 53Mayenne · 54Meurthe-et-Moselle · 55Meuse · 56Morbihan · 57Moselle · 58Nièvre · 59Nord · 60Oise · 61Orne · 62Pas-de-Calais · 63Puy-de-Dôme · 64Pyrénées-Atlantiques · 65Hautes-Pyrénées · 66Pyrénées-Orientales · 67Bas-Rhin · 68Haut-Rhin · 69Rhône -Métropole de Lyon · 70Haute-Saône · 71Saône-et-Loire · 72Sarthe · 73Savoie · 74Haute-Savoie · 75Paris · 76Seine-Maritime · 77Seine-et-Marne · 78Yvelines · 79Deux-Sèvres · 80Somme · 81Tarn · 82Tarn-et-Garonne · 83Var · 84Vaucluse · 85Vendée · 86Vienne · 87Haute-Vienne · 88Vosges · 89Yonne · 90Territoire de Belfort · 91Essonne · 92Hauts-de-Seine · 93Seine-Saint-Denis · 94Val-de-Marne · 95Val-d'Oise
Det franske flagget
Oversjøiske område
971Guadeloupe · 972Martinique · 973Guyane · 974Réunion · 976Mayotte ·Collectivités d'outre mer: · 975Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale) · 977Saint-Barthélemy (collectivité territoriale) · 978Saint-Martin (collectivité territoriale) · 986Wallis-et-Futuna · 987Fransk Polynesia (pays d'outre-mer) · 988Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis) ·
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ardèche&oldid=2801560»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp