Archosauria er ei gruppevirveldyr som omfattar to gjenlevande dyregrupper;krokodillar ogfuglar. Dei utdøyddedinosaurane ogflygeøglane vert òg rekna til gruppa.
Archosaurane vert definert ved fire hovudkaraktertrekk:
- Tennene (om dei er der) er fest i gropar ihovudskallen, noko som gjer at dei er festa betre.
- Det er eit relativt stort holrom i kraniet mellom hola for nasebor og augeholer, noko som gjer at skallen vert lettare å bera. Dette er ei praktisk tilpassing både for enorme dyr som dinosaurane og for flygande dyr somfuglane og pterosaurane.
- Lårbeinet har ein utvekst kalladen fjerde trochanteren. Denne vert nytta hovudsakleg som muskelfeste.
- Små opningar ikjevebeina. Desse kan ha ein avgrensa effekt når det kjem til å redusera vekt.