Apsis er det punktet i einelliptisk bane der ein lekam er lengst borte eller nærast senteret han roterer kring, som vanlegvis ermassesentrumet til systemet.
Punktet som ligg nærast vert kallaperiapsis og punktet som ligg lengst borteapoapsis ellerapapsis. Ei rett linje som går gjennom periapsis og apoapsis vert kalla apsislinja. Dette er den store aksen i einellipse, altså den lengste linja ein kan trekkje gjennom ein ellipse.
For ein lekam i bane er det mest vanleg å nytte uttrykkaperigé,perigeum ellerjordnære ogapogé ellerjordfjerne om lekamar som krinsar rundt jorda (avgresk γηgê «jord»), ogaphel,aphelium eller solfjerne ogperihel,perihelium ellersolnære om lekamar som krinsar rundt sola (av gresk (Greek ‘ήλιοςhēlios «sol»). UnderApollo-programmet vart uttrykkapericynthium ogapocynthium nytta om krinsløp rundt månen.
Det geometriske gjennomsnittet av dei to grensesnøggleikane er, farten som tilvarar ein kinetisk energi som må leggast til kor som helst i banen for at lekamen skla klare å bryte ut av krinslaupet (kvadratrota av produktet av dei to snøggleikane er den lokaleunnsleppingsfart).
Uttrykka perisenter og aposenter vert stundom nytta, men periapsis og apoapsis er helst det faglege uttrykket som vert nytta.
Det vert òg nytta forskjellige uttrykk for forskjelligehimmellekamar. '-ge', '-helium', '-astrum' og '-galaktikum' er former som ofte vert nytta innan astronomi. Endinga '-ge' vert ofte nytta generelt om «nærast ein planet», sjølv om det teknisk sett er feil uttrykk sidan '-ge' refererer til jorda.
Jorda er nærast sola tidleg i januar og lengst borte tidleg i juli. Forholdet mellom perihel og aphel og årstidene på jorda endrar seg i ein syklus som varer 21000 år. Dennepresesjonen medverkar til periodiskeklimaendringar (sjåMilankovitch-syklus).
Dato og klokkeslett for dei neste hendingane er:[1]