Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Apostelen Bartolomeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartolomeus

Fødd1. hundreåret f.Kr.
FødestadKana i Galilea
Daud1. hundreåret
DødsstadAlbanopolis
Yrkepresbyter
Helgendag24. august,25. august,22. april,11. juni,30. juni,1. thout

Apostelen Bartolomeus var ein avJesulæresveinar og ein av dei tolv opphavlegeapostlane.

Bartolomeus er lite omtalt iBibelen. Han er nemnd i dei tresynoptiske evangelia i samband med at Jesus kallar apostlane til seg.[1][2][3] IApostelgjerningane er han nemnd blant læresveinane som var vitnar tilKristi himmelferd.[4]

DetapokryfeBartolomeusevangeliet, som no er tapt, er nemnt i fleire tidlege kristne kjelder. Bartolomeus speler ei sentral rolle i to overlevande tidlegkristne skrifter,Spørsmåla til Bartolomeus ogBoka om gjenoppståinga til Jesus Kristus av apostelen Bartolomeus.

Etter ei legende fekk Bartolomeus kongen avArmenia til å omvende seg til kristen tru. Men da den heidenske broren til kongen oppdaga dette, lét han Bartolomeus bli flådd levande for så å bli halshogd.

Michelangelo si dommedagsfreske viser den heilage Bartolomeus med ein kniv i handa og eit flådd skinn.

Minnedagen hans,barsok eller St. Bartholomeus-messe, vert feira 24. august. I kunsten vert han oftast avbilda med ein kniv, til minne om martyriet hans.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Apostelen_Bartolomeus&oldid=3515212»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp