Saman med landsmannen SirMartin Ryle vart han tildeltnobelprisen i fysikk i1974for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for sine observasjonar og oppfinningar, særskilt apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga avpulsarane.
Etter utdanninga vedUniversity of Cambridge slutta Hewish seg i 1946 til ei gruppe radioastronomar som vart leia av Sir Martin Ryle. Medan han leia eit forskingsprosjekt ved Mullard Radio Astronomy Observatory ved Cambridge i1967, observerte ein av hans studenter,Jocelyn Bell, regelmessig pulserande radiosignal frå ei ukjend kjelde. Hewish forstod tydinga av observasjonen, og lukkast å konstatere at signala ikkje var interferens frå noko kjelde på jorda, men at dei måtte kome frå ei hittil ukjend type stjerne. Seinare har ein fastslått at signal av denne typen vert sende ut av hurtig rotererandenøytronstjerner. Tildelinga av nobelprisen til Hewish og Ryle, utan å verdsette innsatsen til Jocelyn Bell, er i ettertid blitt kritisert.