Antoine Laurent Lavoisier (26. august1743–8. mai1794) var einfranskadelsmann, ofte kalla far til den modernekjemien, som har ein framståande plass i historia til kjemien ogbiologien. Lavoisier var med på å skapedet metriske systemet, og samanfatte den fyrste utvida lista overgrunnstoff, dessutan ytte han sitt i å reformere terminologien innan kjemien. Han namngav bådeoksygen, i 1778, oghydrogen, i 1783, og peika på at det då ukjende stoffetsilisium måtte finnast i 1787. Han var også den fyrste som godtgjorde atsvovel var eit stoff (1777), meir enn eit kjemisk blandingsmateriale. Han oppdaga at trass i at materien kan endre form, så er massen alltid den same.
Lavoisier var ein administrator av skatteomsynet Ferme Générale og ein mektig medlem i mange andre aristokratiske forsamlingar. Desse politiske og økonomiske stillingane sette han i stand til å koste dei vitskaplege undersøkingane hans. Medanden franske revolusjonen var på sitt mest hektiske, skuldaJean-Paul Marat han for å selje forfalskatobakk og andre misgjerningar, og Lavoisier vart til sist giljotinert eitt år etter Marat døydde.