Antigua, også kjent somWaladli ellerWadadli lokalt, er eiøy iKaribia og ein del av øystatenAntigua og Barbuda.Antigua er den største øya i staten, og ligg 40 km sør forBarbuda. Dei høyrer begge tilLeewardøyane. Øyane blei tidlegare styrt som ein britisk koloni før dei blei ein sjølstendig stat iDet britiske samveldet den 1. november1981.[1]
Antigua tyder «gammal» på spansk, og har namn etter eit religiøst bilde idomkyrkja i Sevilla,Virgen de la Antigua.[2] Namnet Waladli kjem frå dei innføddekaribane og betyr omlag «vårt eige». Det blir også skrive Wadadli etter ein calypsosong.[3]
Øya har ein omkrins på rundt 87 km og eit areal på 281 km². Etter folketeljinga i 2011 hadde ho 80 161 innbyggjarar.[4] Over 31 000 menneske bur i hovudstaden St. John's som ligg nordvest på øya. Byen har ei djup hamn som gjer det mogleg for store turistskip å leggja til kai. Andre større busethingar er All Saints (3 412 innbyggjarar) og Liberta (2 239 innbyggjarar), etter folketeljinga i 2001.
Den naturlege hamnaEnglish Harbour på søraustkysten er kjend for å gje ly for store stormar. Staden har ein restaurert britisk maritim kolonistasjon kalla «Nelson's Dockyard» etter kapteinHoratio Nelson. English Harbour og nabolandsbyen Falmouth er blitt kjende reisemål for seglskip ogyachtar der dei kan ankra opp og ta inn forsyningar.