Antigone (greskἈντιγόνη) er ein figur frågresk mytologi. Ho er dotter av kongØdipus og kona hansIokaste, og syster avPolyneikes, Eteokles og Ismene.[1] Ho er kjend for den usvikande lojaliteten og kjærleiken til den blinde fare sin, og at ho ville gje broren Polyneikes ei skikkeleg gravferd til trass for at han hadde forråda Theben.
Sjølv om kongen og morbroren hennar, Kreon, hadde lagt ned forbod, gravla Antigone bror sin. Som straff blei ho dømt til å bli levande gravlagd. Antigone var trulova med sonen til Kreon, Haimon, og han braut opp hola der Antigone var innesperra. Han kom fram for seint, for Antigone hadde då teke livet av seg. I fortviling tok også Haimon sitt eige liv. Til sist tok kona til Kreon, Evrydike, også livet av seg, og den angrande Kreon stod åleine att.
Forteljinga om Antigone er del av ei gruppe greske tragediar kalles Theben-krinsen, det vil seia tragedien rundt den mytiske herskarslekta i det antikke kongeriket Theben. Ho er særleg kjend frå skodespeletAntigone avSofokles, som er det tredje i ein trilogi som byrjar medKong Oidipus og held fram medOidipus i Kolonos.